Habib Bourguiba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Habib Bourguiba

Fødd3. august 1903
Monastir
Død6. april 2000 (96 år)
Statsborgar avfransk protektorat av Tunisia, Tunisia
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Paris
Carnot Lyceum of Tunis
Sadiki College
EktefelleWassila Ben Ammar, Moufida Bourguiba
BarnHabib Bourguiba jr.
VervPresident i Tunisia 1957-1987
EtterfylgjarZine El Abidine Ben Ali
Alle verv
  • liste over presidentene i Tunisias folkerepresentantsforsamling (1956–1956)
  • Tunisias president (1957–1987)
  • Tunisias regjeringssjef (1956–1957)
  • Minister of Foreign Affairs (1956–1957)
  • Minister of Defence (1956–1957) Sjå dette på Wikidata

Habib Bourguiba (3. august 19036. april 2000) var den første presidenten i Tunisia. Han styrte landet frå avsettinga av kongen i 1957 fram til 1987, då han sjølv blei avsett ved eit statskupp. Bourguiba er blitt kalla ein tunisisk Kemal Atatürk på grunn av sine vestlegorienterte reformer.

Utdanning og giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Bourguiba blei fødd i Monastir eit stykke sør for Tunis medan Tunisia var fransk koloni. Han studerte i hovudstaden ved Collège Sadiki og Lycée Carnot. I 1924 reiste han til Paris for å studera juss og statsvitskap. Her møtte han Mathilde Lorrain, som han gifta seg med i 1927. Dei to fekk éin son, Habib Bourguiba d.y. I 1961 skilde dei lag og eit år seinare gifta Bourguiba seg med Wassila Ben Ammar. Han skilde seg frå henne i 1982.

Politisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Etter at han hadde fått grada si drog Bourguiba og familien tilbake til Tunisia. Han byrja praksis som advokat og gjekk inn i det politiske livet. Frå 1928 var han engasjert i to aviser, l’Etendard Tunisien og Sawt At-Tunisi. I 1931 blei han skulda av kolonistyresmaktene for å «oppfordra til rasehat». Etter dette grunnla Bourguiba ei ny og militant avis, L’Action Tunisienne. Han gjekk inn i Destour-partiet, og var frå 1934 til 1936 og 1939 fengsla for oppfordring til borgarkrig. I det tyskkontrollerte blei han lauslaten i 1942, men avviste tyske og italienske tilnærmingar. Etter andre verdskrigen dreiv han ein internasjonal kampanje for tunisisk sjølvstende. Etter at han tok til å reisa rundt i Tunisia og oppfordra til oppstand mot kolonimakta, blei han fengsla i 1952 og send rundt i Tunisia, ei stund til den nordlege øygruppa La Galite og til slutt til øya Groix i Bretagne.

I 1954 fekk Frankrike ein ny statsminister, Pierre Mendès-France, som var meir vennleg stemd til sjølvstyre for koloniane. I 1955 kom Bourguiba tilbake til Tunisia og ein fekk ein avtale om indre sjølvstyre. I mars 1956, etter harde forhandlingar, fekk landet sjølvstende, med Habib Bourguiba som statsminister og president for den tunisiske nasjonalforsamlinga.

President[endre | endre wikiteksten]

I 1957 fekk Bouguiba avsett beyen av Tunis Muhammad al-Amin. Landet blei erklært som republikk og Bourguiba blei utnemnd til president.

Bourguiba blei sett på som ein moderat politikar som førte ein sjølvstendig politikk. Han prøvde først ein sosialistisk økonomisk politikk, men etter at denne ikkje såg ut til å verka gjekk han inn for ein liberal økonomisk politikk leia av statsministeren Hédi Nouira. Han gjennomførte samfunnsreformer som innførte offentleg helsevesen og utdanning, gav kvinner like rettar, avskaffa polygami og oppmuntra til familieplanlegging. Men han støtta ikkje ei demokratisk utvikling i landet, og blei i staden ein mektig president som blei røysta til å embetet på livstid av nasjonalforsamlinga i 1975. I løpet av 1980-åra kjempa han mot den islamistiske opposisjonen leia av Nahda-partiet.

Under den kalde krigen slutta Bourguiba seg til den USA-leia vestlege sida, men fremja eigne syn som gjerne stod imot den egyptiske arabiske liga-leiaren Gamal Nasser. I mars 1965 heldt han «Jeriko-talen» der han som ein av dei første tok til orde for ei fredeleg og rettferdig tostatleg løysing på Midtausten-konflikten i tråd med SN-resolusjonen frå 1947. I 1979, då Egypt blei suspendert frå den arabiske ligaen på grunn av Camp David-avtalen, blei Tunis nytt hovudkvarter, og i 1982 mottok han PLO-leiinga som var blitt kasta ut av Beirut under borgarkrigen i Libanon.

7. november 1987 blei Habib Bourguiba avsett i eit ublodig kupp leia av den nyleg tilsette statsministeren Zine El Abidine Ben Ali, som erklærte at presidenten var for sjuk og avfeldig til å leia landet. Bourguiba blei sett i husarrest i heimbyen Monastir til han døydde i 2000.

Utmerking[endre | endre wikiteksten]

Bourguiba blei tildelt ein norsk orden, storkross med kjede av St. Olavs Orden, i 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]