Habitivsetning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Habitivsetningar er ein undertype av eksistensialsetningane som i mange språk blir brukt til å uttrykkje eigarskap. Der vi i norsk seier Kalle har ei bok heiter det på finsk Kallella on kirja (bokstaveleg på Kalle er bok, med kasus adessiv), og på samisk Kalles lea girji (bokstaveleg i Kalle er bok, med kasus lokativ). Finske og samiske eksistensialsetningar blir bygd opp på same måte: Pöydällä on kirja «på bord er bok» / Beavddis lea girji «i bok er bord» tyder begge to «Det ligg ei bok på bordet». På same måten som i norske eksistensialsetningar blir leddet etter verbet tolka ubestemt. Unntaket gjeld nett habitiv setningar, det kan heite Minulla on vain sinut «Eg har berre deg», der pronomenet sjølvsagt har bestemt tolking.