Habo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°55′00″N 14°04′00″E

Habo kyrkje

Habo er ein svensk tettstad og centralort i Habo kommun i Jönköpings län i landskapet Småland. I 2005 hadde staden 6 244 innbyggjarar.

Habo ligg nokre kilometer vest for Vättern, nordvest for Jönköping. Staden er i vekst og det blir bygd fleire fleirfamiliehus. Av industri på staden finn ein sukkertøyfabrikken Toms-Webes og beslagprodusenten Habo. Fagerholts belysning om lag 10 km nord for Habo sysselset mange av innbyggjararane i Habo. Staden har fem barnehagar, fem barneskular og ein ungdomsskule.

Habo kyrka ligg like utanfor sentrum. Den blir kalla trekatedralen ved Vättern. Ho er frå 1723 og har form som ein basilika.

Fotballspelaren Erik Edman kjem frå Habo, og Zlatan Muslimović spelte ein periode for Habo IF som idrettslaget på staden heiter. Fotballaget deira spelar i lågare divisjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Habo