Haddington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Haddington

skotsk-gælisk
skotsk
Baile Adainn
Haidintoun
Haddington
Haddington
Plassering
Haddington is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region East Lothian
Tradisjonelt grevskap East Lothian
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 844
Koordinatar 55°57′″N 2°47′″WKoordinatar: 55°57′″N 2°47′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EH41
Telefon-retningsnummer 0 1620
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haddington

Haddington er ein by (burgh) i regionen East Lothian i Skottland. Han har kring 9000 innbyggjarar.

Han var sentrum for jordbruksrevolusjonen i Skottland. John Knox, grunnleggjar av Den skotske presbyterianske kyrkja, vart fødd der i 1513 eller 1514.

Viktige bygningar er rådhuset, Mitchell's Close, Lennoxlove House og Mariakyrkja, der kona til historikaren og forfattaren Thomas Carlyle er gravlagt. Haddington ligg cirka 27 kilometer frå den skotske hovudstaden Edinburgh. Byen har ikkje togsamband, men kan nåast med buss 44 frå Edinburgh.

Tandbergs Radiofabrikk A/S oppretta avdelinga Tandberg Electronics med ca 150 tilsette i Haddington våren 1975 for produksjon av fargefjernsyn. Denne vart overteke av Mitsubishi i 1979 etter at Tandbergs Radiofabrikk gjekk konkurs i desember 1978. Fabrikkbygningane ligg i det som no heiter Gateside Commerce Park ca 2,5 kilometer vest for sentrumet til byen.

Alle Tandbergfabrikkar hadde ein skulptur i parken, og skulpturen som høyrde til Haddington avdelinga står no i Haddington sentrum, utanfor The George Hotel. Skulpturen heitte «Konkurransen» og var utforma av Dyre Vaa. Skulpturen framstiller to stangande bukkar. Seinare viste det seg at Haddingtons kommunevåpen inkluderte ei geit.

Plakett som, i 2005, vart gjeve av ein tidlegare norsk formann ved avdelinga, for å forklare opphavet til skulpturen «Konkurransen» (Dyre Vaa).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]