Hadeland og Land prosti

Koordinatar: 60°21′59″N 10°31′46″E / 60.36639°N 10.52944°E / 60.36639; 10.52944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°21′59″N 10°31′46″E / 60.36639°N 10.52944°E / 60.36639; 10.52944

Systerkyrkjene på Gran

Hadeland og Land prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Gran, Lunner, Nordre Land og Søndre Land i Innlandet fylke. Prosten har sete på Gran.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prostiet vart oppretta i 1864.[1] Prestegjelda Jevnaker og Lunner vart overført frå Hadeland, Ringerike og Hallingdal prosti og Land frå Valdres prosti.[1]

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Bjoneroa sokn Sørum kyrkje på Hadeland Gran
Brandbu sokn Nes kyrkje på Hadeland Gran
Fluberg sokn Fluberg kyrkje
Landåsbygda kyrkje
Søndre Land
Gran/Tingelstad sokn Grymyr kyrkje
Mariakyrkja på Hadeland
Nikolaikyrkja på Hadeland
Tingelstad kyrkje
Tingelstad gamle kyrkje (St. Petri)
Gran
Grua/Harestua sokn Grua kyrkje
Harestua kapell
Lunner
Lunde sokn Lunde kyrkje i Land Nordre Land
Lunner sokn Lunner kyrkje
Oppdalen kapell
Lunner
Moen/Ål sokn Moen kyrkje
Ål kyrkje på Hadeland
Gran
Nordsinni sokn Haugner kyrkje
Nordsinni kyrkje
Nordre Land
Skute sokn Skute kyrkje Søndre Land
Søndre Land sokn Hov kyrkje i Land
Enger kyrkje
Søndre Land
Torpa sokn Kinn kyrkje i Land
Åmot kyrkje i Land
Nordre Land
Østsinni sokn Østsinni kyrkje
Vølstad kyrkje
Nordre Land

Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Prestetensta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Hadeland og Land prosti desse prestegjelda:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Hadeland og Land prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 11. mars 2014. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]