Hadselbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hadselbrua
IMG 0635a - Hadselbrua fra Børøya.jpg

Hadselbrua sett frå Børøya, juli 2006

Kryssar Langøysundet
Stad Vesterålen
Lengste spenn 150 m.
Total lengd 1011 m.
Seglingshøgd 30 m.
Opna 1. juli 1978

Hadselbrua er ei spennbetongbru (bygd etter fritt frambygg-metoden) som går over Langøysundet mellom Langøya og Børøya i Nordland. Ho er ein del av riksveg 82. Saman med Børøybrua knyter ho Hadseløya til Langøya. Brua er 1011 meter lang, lengste spenn er 150 meter, og seglingshøgda er 30 meter. Brua har 27 spenn. På begge sider av brua går vegen på lange fyllingar inn til øyane.

Hadselbrua vart opna 1. juli 1978, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførde på 1970-talet som ein del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.

Hadselbrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.

Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Kvalsaukan bru og Andøybrua. Hadselbrua var den siste som vart ferdig av desse.

Hadselbrua avløyste ferjestrekninga mellom Sandnes på Langøya og Stokmarknes.

Strid om brutraséen[endre | endre wikiteksten]

Hadsel kommune kjøpte Børøya i 1963, og prosjekterte bustad- og industriområde på øya. Kommunen finansierte og bygde brua over til øya; ho vart offisielt opna 1. juli 1967.

Då brusambandet mellom Hadseløya og Langøya skulle planleggast, ynskte Hadsel kommune at brua skulle byggjast rett over Langøysundet frå Børøya til Hov ved Sandnes på Langøya. Eit anna alternativ var å byggje bru frå Skagen eller Bitterstad lenger aust på Langøya, til Hadselhamn eller Andvågen aust for Stokmarknes. Hadsel kommune var negative til det forslaget, sidan det ville leide trafikken utom både Stokmarknes og Børøya. Traséen som til slutt vart vald, etter mykje debatt i Hadsel kommunestyre, gjekk frå Bitterstad på Langøya til austsida på Børøya, og med veg over Børøya fram til Børøybrua. Striden om trasévalet forseinka bygginga av Hadselbrua, slik at ho vart ferdig etter dei andre Vesterålsbruene.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Hadselbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 8. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene:

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hadsel bygdebok, bind 2. Forfattarar: Edgar Hovland, Dag K. Andreassen, Inger-Johanne Johnsen. Bergen 2000. ISBN 82-993564-2-3

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]