Hadselfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melbu og Hadselfjorden

Hadselfjorden er ein fjord eller eit sund i Vesterålen som skil Hadseløya i nordvest frå Austvågøy i sør og Hinnøya i aust. I nordaust går Hadselfjorden over i Sortlandssundet, som skil Langøya og Hinnøya. Søraust for Hadselfjorden skil Raftsundet Austvågøya og Hinnøya. Fjorden strekkjer seg 22 km på sør og austsida av Hadseløya.

Mellom Melbu og Fiskebøl går det ferje over Hadselfjorden. Tidlegare gjekk det òg ferje mellom Stokmarknes og Kaljord på Hinnøya.

Lofoten sitt fastlandssamband Lofast vart planlagt ville mange i Hadsel ha undersjøisk tunnel mellom Hadseløya og Austvågøya. Men det vart i staden avgjort å byggje sambandet mot Raftsundet og Gullesfjordbotn i Kvæfjord. Av argumenta for ikkje å bygge tunnel under Hadselfjorden var at ein slik tunnel ville verte lang (ca 8 km) og relativt djup, og at det er ein viss jordskjelvaktivitet i området. Det er framleis mogeleg at Hadselfjordtunnelen vil verte bygd etter at Lofast er ferdig, men det er særs usikkert.

Det er venta at det vil bli færre ferjeavgangar over Hadselfjorden no når Lofast er opna, ferja vert truleg ikkje nedlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]