Hafez al-Assad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hafez al-Assad

Hafez al-Assad (6. oktober 193010. juni 2000) var ein syrisk sosialistisk politikar. Han var president i Syria frå 1971 til han døydde i 2000.

Han høyrer til alawittane, ei grein av islam.

I 1963 tokk Ba'athpartiet makta i Syria. Ba'athpartiet i Irak følgde etter i 1968. Assad hadde vore med på kuppet i 1963, men tokk sjølv makta i eit nytt statskupp den 22. februar 1971. Han moderniserte og industrialiserte Syria, sjølv om han var ein brutal diktator. Under Assad sitt styre vart tusenar personar avretta utan lov og dom. Han er òg blitt sett på som undertrykkande overfor sunnimuslimar.

Det mest kjende brotsverket Hafez al-Assad gjorde, var Hama-massakren i 1982. Hama vart sett på som eit knutepunkt for Det muslimske brorskapet. Difor vart minst 17,000 menneske drepen av regimet.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Under Den kalde krigen var Syria Sovjetunionen sin viktigaste allierte i Midtausten. Regjeringstida bestod av brutale konfliktar med Israel. Den blodigaste konflikten var Seksdagarskrigen. Israel angreip då Syria og fleire andre arabarland. Syria mista Golanhøgdene. I 1973 starta Syria saman med Egypt under Anwar Sadat Yom Kippur-krigen for å ta tilbake områda som vart okkupert under Seksdagarskrigen. Dette vart støtta av dei fleste arabarlanda.

Ba'athparti-regimet i Syria var heile vegen - frå kuppet i Irak i 1968 til Irak-krigen i 2003 - nærmare fiendar. I 1980 starta Iran-Irak-krigen. Syria var dei einaste av arabarlanda med unntak av Libya som støtta Iran i krigen. Då Irak invaderte Kuwait i 1990, vart Syria med i den såkalla Golfkrigen som ville frigjere Kuwait.

Han var og tilhengar av pan-arabisme. I 1972 grunnla Syria, Libya og Egypt Den arabiske føderasjonen. Sjølv om det på papiret var ein einaste stat, var dei tre landa i realiteten sjølvstendige. I 1977 braut føderasjonen saman.

Han døydde den 10. juni 2000. Den neste presidenten var sonen hans, Bashar al-Assad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]