Haggadá sjel pesah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Haggadáen)
Haggadamanuskript frå 1300-talet.

(Seder) Haggadá sjel pesah (hebraisk הגדה של פסח) er den jødiske påskeforteljinga — ei bok som blir lesen ved påskemåltidet. Haggadá sjel pesah inneheld forteljinga om korleis israelittane forlét slaveriet i Egypt og vart eit fritt folk i Israel.

Namnet viser i praksis ofte til sjølve påskemåltidet på dei to første kveldane av pesah òg. Dette rituelle måltidet blir elles oftast omtala under dei tradisjonelle kortformene seder (blant askenasar) eller haggadá (blant sefardar).