Hagle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei hagle av typen Mossberg 590.

Ei hagle eller haglgevær er eit skytevåpen som for det meste blir bruka i samband med på småvilt og fugl, og ho er i avsagd form kjend som eit ransvåpen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange typar hagler. Den eldste (bortsett frå munnladarar) og framleis vanlegaste typen er ei som kan «brekkast», det vil seie at ein opnar ho for lading ved å vippe løpet opp i bak-kant. Desse har tradisjonelt eitt løp eller to løp attmed kvarandre (side ved side). Ein nyare type har dei to løpa over og under kvarandre. Tradisjonelle hagler kan ha rett («engelsk») skjefte eller eit moderat pistolgrep. Andre typar hagler er pumpehagler og halvautomatiske hagler. Desse er magasinvåpen, og blir ikkje ladde ved opp-brekking. Dei var nok meir tenkte som politivåpen enn til jakt, men blir òg noko bruka til jakt. For bruk til jakt skal magasinet plomberast, slik at det berre rømmer to skot.

Hagla har i motsetning til rifla eit glatt løp, og prosjektila blir skotne rett ut av løpet utan å bli sett i rotasjon. Namnet kjem av at den vanlegaste forma for prosjektil som blir bruka i hagler, er ei mengd små metallkuler, hagl, som spreier seg meir og meir di lenger frå munningen dei kjem. Ein kan òg bruke ei slags massiv «kule» i hagler dersom dei ikkje har meir enn halv trongboring. Dette prosjektilet blir kalla «slug». På grunn av manglande rotasjon er ingen prosjektil frå hagler nyttige på langt hald. Ein bør ikkje skyte på vilt på meir enn om lag tretti meters hald med hagle.

Trongboringa nemnd ovanfor er ei innsnevring i fremre enden av løpet, såkalla heil, trekvart, halv, kvart eller inga trongboring. Di meir trongboring di meir samling i haglskura, som da kan brukast på noko lenger hald og likevel ha drepeevne på småvilt, da viltet i det tilfellet vil bli treft av fleire hagl om det blir treft, enn i ei breiare og meir spreidd skur frå ei hagle med opnare trongboring.

Vanleg diameter på løpet er 18,4 millimeter, eller sylinderboring eller 1/1 boring. Løpa på haglene er ofte merkte med IM 0.xx (imporved sylinder eller stjerner), dette talet er det som skal trekkast frå 18,4 for å finne diameteren på løpet. Dermed vil ein IM 0.75 ha 17,65 mm diameter og vere ein 3/4 (trong-)borring.

Jakt i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Jakt med hagle har lange tradisjonar i Noreg som i andre land. Av vilt som det blir jakta på med hagle i Noreg, kan nemnast rype, orrfugl, storfugl(tiur/røy), hare og rådyr. For nokre år sidan trong ein ikkje løyve frå politiet for å kjøpe hagle, men det må ein ha no.

Storleiken på hagla varierer etter kva type småvilt ein driv jakt på. Di mindre vilt, di mindre haglstorleik. Kaliberet på hagler varierer òg, vanlegvis mellom det som blir kalla kaliber 10 og 20. Kaliber 12 er vanlegast i Noreg. Kalibernemninga stammar frå tida då ein laga runde kuler til handvåpen. Talet like kuler ein kan lage av eit pund bly, gjev kaliberet til våpenet. Dermed vil kaliber 20 vere mindre enn kaliber 12. Storleiken på hagla vel ein etter kva dyr ein jaktar på; små dyr, små hagl. Di større kaliber og mindre hagl, di fleir hagl er det plass til i patrona. Hagla er tradisjonelt små blykuler, men desse er frå 2005 forbodne, og ein må no gå over til mellom anna stål og vismut. Særleg stålhagl er omdiskutert, på grunn av påstått dårleg drepe-evne, rikosjettfaren og at dei ikkje kan brukast i våpen med meir enn halv trongboring. Vismut skal vere betre, men er førebels (2005) svært dyrt.

Treningsammunisjon/leirdueammunisjon med stål (med 24 gram haglvekt) går i dei fleste hagler, også eldre modellar, men slit meir på våpenet. Jaktammunisjon av stål og hevi-shot (30+ gram) bør ein ikkje bruke i hagler med trongbora løp (i dei fleste tilfelle over 1/2 trongboring, det finst likevel chokar, innsetjingstrongboringar, som er designa for desse ladningane), eller i gamle våpen. Ein kan fint bruke jaktammunisjon av wolfram, vismut eller sink i desse haglene så lenge dei ikkje er såkalla high-performance-patronar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hagle