Haida Gwaii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haida Gwaii
Tidlegare namn Queen Charlotte Islands
Haida Gwaii sett frå Hecatesundet
Haida Gwaii sett frå Hecatesundet
Geografi
Queen Charlotte Islands Map.png
Stad Stillehavet
Koordinatar 53°00′N 132°00′WKoordinatar: 53°00′N 132°00′W
Store øyar Grahamøya, Moresbyøya
Areal 10 180 km²
Lengd 290 km
Breidd 100 km
Høgaste punkt Mount Moresby (1164 moh.)
Administrasjon
Land Canada
Provins British Columbia
Største busetnad Queen Charlotte City (948 innb.)
Demografi
Folketal 4800 [1] (2008)

Haida Gwaii, tidlegare Charlotteøyane, er ei øygruppe i Canada, utanfor nordvestkysten av British Columbia. Haida Gwaii består av dei to hovudøyane, Grahamøya i nord og Moresbyøya i sør, og ca. 150 mindre øyar. Kring 5 000 menneske bur på øyane.

Øygruppa ligg frå om lag 52 til 54 grader nordleg breidd, og ved 120 grader vestleg lengd, og dekkjer eit totalt landareal på 10 180 km². Haida Gwaii er delt frå det kanadiske fastlandet av Hecatesundet i aust medan den amerikanske delstaten Alaska ligg nord for havgrensa Dixon Entrance. I vest ligg Stillehavet. Øya Vancouver ligg i sør.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Øygruppas største by er Masset, som ligg ved Massetsundet nord på Grahamøya. Masset er det eldste og største samfunnet på øyane og har ca. 950 innbyggjarar.

Haidalandsbyen Skedans med totempålar i 1878.

Om lag halvparten av innbyggjarane høyrer til urfolkgruppa haida. Tlell, som ligg i nærleiken av nasjonalparken Naikoon på austkysten av Grahamøya, er ein haida-landsby med ca. 370 innbyggjarar. Landsbyen er kjent for sitt kunsthandverk. Skidegate (ca. 700 innbyggjarar) er den andre større haidalandsbyen.

Sandspit er den einaste større busetjinga på Moresbyøya. Her bur ca. 450 menneske. Landsbyen har via Alliford Bay ferjesamband med Skidegate på Grahamøya.

Natur og nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet er rikt og variert, mellom anna av varietetar av svartbjørn og røyskatt. Svarthalehjorten og vaskebjørnen er begge artar som har vorte utsett, og som har formeira seg mykje.

To nasjonalparkar er oppretta i øygruppa, nemnde Naikoon og dessutan Gwaii Haanas. Gwaii Haanas nasjonalpark ligg i den sørlege delen av Moresbyøya og omfattar 138 øyar som strekkjer seg over eit areal på 1 500 km².

Den forlatne landsbyen Ninstints på Anthonyøya har sidan 1980 stått på UNESCO si verdsarvsliste. Ninstints vart fråflytt omkring 1880. Landsbyen si historie går 2000 år tilbake. Nokre av langhusa og totempålane på staden er tekne vare på.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den britiske kapteinen George Dixon kom til øyane i 1786. Han gav øygruppa namn etter den dåverande dronninga i Storbritannia.

Den tredje juni 2010 vart øygruppa offisielt omdøypt til Haida Gwaii, som del av ein avtale mellom provinsen British Columbia og haida-nasjonen.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haida Gwaii

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]