Haile Gebrselassie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haile Gebrselassie

Statsborgarskap Etiopia
Fødd 18. april 1973 (51 år)
Assella, Etiopia
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 169 centimeter
Haile Gebrselassie på Commons

Haile Gebrselassie (fødd 18. april 1973) er ein etiopisk mellomdistanse- og langdistanseløpar. Gebrselassie er ein allsidig løpar som har delteke i både 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, halvmaraton og maraton. Gebrselassie har sett 27 verdsrekordar i løpet av karrieren, og held framleis verdsrekordane på 20 000 meter og på éin times løp.

Haile Gebrselassie har dobbelt olympisk gull på 10 000 meter. Desse tok han under sommar-OL 1996 i Atlanta og sommar-OL 2000 i Sydney. I tillegg er han fire gonger verdsmeister på denne distansen og har ei lang rekkje fleire medaljar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]