Haim Oron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haim Oron

Haim "Jumas" Oron vart fødd 26. mars 1940, og er ein Israelsk politikar og tidlegare landbruksminister. Han er no (i januar 2009) leiar i det politiske partiet Meretz-Yachad, som han òg representerer i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.

Foreldra hans emigrerte frå Polen før andre verdskrigen. Faren var tekstilarbeidar og mora husmor.

Etter militærtenesta i den israelske hæren, slutta Haim Oron og kona hans seg til ein kibbutz. Dei hadde fire barn, men eitt døydde tidleg i ei ulykke. Oron og kona bur framleis i kibbutz og løna hans som Knesset-medlem går inn i felleskassa på kibbutzen.

Oron vart i 1968 sekretær i den sosialistiske rørsla Hashomer Hatzair. Han var ein av grunnleggjarane av fredsrørsla Peace Now i 1978. I 1988 vart han innvald i Knesset for det venstresosialistiske partiet Mapam, som i 1992 gjekk saman med to andre grupper og vart til partiet Meretz, der han i 2008 vart vald til leiar.

Oron har òg vore kasserar i Histadrut, det israelske LO, og i 1999 vart han landbruksminister i Ehud Barak si regjering.

Oron er ein nær venn av palestinaren Marwan Barghouti, som sit i israelsk fengsel.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med same namn, som lesen 3. januar 2009.