Hainan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Hainan med hovudvegane i raudt
Kart over Kina med Hainan markert i raudt
Landskap i det indre av Hainan

Hainan ( Pe̍h-ōe-jī: Hái-lâm, pinyin: Hǎinán , jyutping: bokstavleg: "Sør for havet") er den minste av Kinas provinsar. Kring hovudøya Hainan ligg om lag to hundre øyar fordelt på tre øygrupper utanfor sørkysten, landarealet på desse utgjer tre prosent av totalarealet i provinsen Hainan. Kina hevdar elles at dei sørlege Spratlyøyane og Paraceløyane høyrer med til Hainan. Hainan er ei av dei økonomiske spesialsonene som vart oppretta på slutten av 1980-åra, under den kinesiske leiaren Deng Xiaoping. Haikou er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hainan ligg i Sørkinahavet, og er skilt frå Leizhouhalvøya i nord av det tronge og grunne Qiongzhousundet. Vest for Hainan er Tonkinbukta. Hainan er den største øya i dagens Kina.

Provinsen dekker eit areal på 33  920 kvadratkilometer og er Kinas sørlegaste provins. Han er såleis om lag like stor som Belgia.

Dei fleste elvane på Hainan har sine kjelder kring midten av øya og renn i kvar sine retningar nokså beint ut mot kysten. Nandu på norddelen av øya er 314 km lang, medan bielva Xinwu er 109 km lang. Changhua i vest er 230 km lang. Wanquan i aust er 162 km lang. Vassmengda i elvane minkar mykje i turketida.

På Hainan finst berre få vatn. Vassreservoaret Songtao, nord for midten på øya, er største vasskjelda.

Wuzhi-fjellet (1 876 m) er høgste fjellet på øya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Hainan har eit tropisk og fuktig monsunklima. Årstemperaturen vekslar med mindre enn 15 grader Celsius frå varmaste til kaldaste månaden. Kjøligaste månadene er januar og februar med temperaturar mellom 16 og 21 grader Celsius; Heitaste månadene er juli og august med temperaturar kring 25 til 29 grader Celsius. Bortsett frå fjellandet i det indre av øya, er den daglege gjennomsnittstemperaturen på Hainan over 10 grader Celsius. Sommaren er heit i nord, årleg er det over 20 dagar med minst 35 grader Celsius. Årsnedbøren ligg mellom 1 500 og 2 000 millimeter. Den kjem opp i 2 400 mm i dei indre og austlege områda, og er nede i 900 mm på kysten i sørvest. Den austlege delen av Hainan ligg utsett til for tyfonar, og 70% av årsnedbøren kjem etter tyfonar og under regntida om sommaren. Storflaumar kan oppstå etter tyfonar og gjere stor skade for lokalbefolkninga.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Hainans politiske styresett er basert på eit todelt system der både regjering og parti er utøvande styreorgan. Dette systemet er det same som i fastlands-Kina.

Guvernøren i Hainan er øvste embetsmannen i Hainan si regjering. Med sitt todelte styringssystem har guvernøren likevel mindre makt enn provinssekretæren i Hainans avdeling av det kinesiske kommunistpartiet.

I hundreår høyrde Hainan inn under provinsen Guangdong. Den ressursrike, tropiske øya vart utskilt som eigen provins i 1988. Sentralstyresmaktene gav samstundes den nye provinsen status som særleg økonomisk sone. Hainan fekk slik eit større spelerom til å utvikle opplegg som kunne trekke inn utanlandsk kapital og skape økonomisk vekst. Provinsen har vorte oppdelt i fem økonomiske distrikt.

Hainan og Xishaøyane er inndelt i ti fylke og åtte større byar. Dei åtte byane er (etter klokka): Haikou, Wenchang, Qionghai, Wanning, Wuzhishan, Sanya, Dongfang og Danzhou. Fylka er Ding’An, Tunchang, Qiongzhong, Lingshui, Baoting, Ledong, Baisha, Changjiang, Lin’Gao og Chengmai.

Krigsmakt[endre | endre wikiteksten]

Hamna til den kinesiske marinen sine atomubåtar ligg på Hainan. Hangarane, som skal vere opp til 18 meter høge, kan skjule/verne 20 atomubåtar. US-Amerika sitt forsvarsdepartement reknar med at Kina har fem atomubåtar av typen 094.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Dei etniske gruppene på Hainan består av han-kinesarar, kjent som hainaneserar og som med sine 84% utgjer fleirtalet. Dei andre gruppene er li-folket (14,7%); miao (0,7%) og zhuangfolk (0,6%). Li er den største gruppa av innfødde folk. På øya finn ein også utsular, etterkomarar av cham-flyktningar. Desse vert av kinesiske styresmakter klassifisert som hui.

Limgaofolket, som utgjer 8% av folketalet og bur nær hovudstaden, vert av styresmaktene talde som han-kinesarar. Dette trass i at dei høyrer til dei innfødde på øya og heller ikkje talar eit kinesisk språk.

Li-folket bur i hovudsak i seks fylke og tre byar midt på og sør på øya. Området dei bur på dekker 55% av landarealet av øya, 18 700 kvadratkilometer.

90 000 av hainanesarane er buddhistar, og 6 500 er muslimar. Dei aller fleste muslimane er utsular som bur i nærleiken av Sanya. Etter som Hainan var ein stoppestad på reiseruta til misjonærane, er det ein del kristne, om lag 35 000 protestantar og 4 100 katolikkar.

Etnolingvistisk kart over Hainan, frå 1967

Språk[endre | endre wikiteksten]

Han-kinesarane på Hainan talar ein variant av min nan, eit kinesisk språk kjent som hainanesisk. Putonghua vert elles forstått og snakka av dei fleste innbyggjarane, også standard kantonesisk vert forstått av mange hainanesarar. Li-folket har sitt eige språk, til liks med miao og zhuang. Personar frå dei tre folkegruppene nyttar vanlegvis putonghua som andrespråk.

Folk i Huihui og Huixin talar alle flytande cham, morsmålet deira. Dei fleste vaksne talar fleire kinesiske dialektar, somme talar også li. I landsbyen Yanglan i nordaust er to yuedialektar i bruk, begge ganske nærskyld kantonesisk. Maidialekten og danzhoudialekten vert begge tala i byen Haipo i sør. Den siste er same dialekten som den som vert tala i Danzhou i Dan-området på norddelen av øya. Folk flest kan også bruke mandarinkinesisk til å kommunisere med folk frå fastlandet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Hainan har til alle tider lege i grenseområdet av den kinesiske kulturen. Lenge var øya ein forvisingsstad for kriminelle og embetsmenn som var falle i unåde. Hainan vart lenge oppfatta som eit grenseland med sin eigen mystikk, framstilt slik av mellom andre den forviste forfattaren Su Tungpo. Kjensla av grenseland er sterkt svekka etter stor innvandring frå fastlandet. Denne tok til i 1950 og var på sitt kraftigaste i 1970-åra, då unge kinesarar frå det sørlege Guangdong vart sende til statsfarmar for å utvikle Hainan. På 1980-talet kom folk i tusenvis for å drage nytte av dei økonomisk tilhøva.

Vassbøflar i rismarkar

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Landbruk er viktigaste næringa på Hainan. Meir enn halvdelen av eksporten er landbruksprodukt. Omfattande dyrking av ris på rismarker skjer i låglandet i nordaust og i fjelldalane i sør. Andre viktige avlingar får ein frå kokosnøtter, palmeolje, sisal og frå tropiske frukter som ananas, svart pepar, kaffi, te, cashew og sukkerrøyr. Tidleg på 1900-talet introduserte kinesiske utvandrarar, som kom til øya frå dåtidas Britisk Malaya, gummitreet. Etter 1950 vart det anlagt statsfarmar, og Hainan produserer ein større del av Kinas gummi.

Fiskeri[endre | endre wikiteksten]

Marine produkt utgjer ein viktig del av økonomien i provinsen. Reker, kamskjel, og perler vert dyrka i grunne bukter og basseng til lokal bruk og eksport. Grouper, spansk makrel og tunfisk utgjer hovudmengda av den fisken som vert fanga på rike fiskefelt ut for kysten.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Industrien på Hainan har i hovudsak bestått i å foredle råstoff frå gruvedrift og landbruk, fremst gummi og jarnmalm. Sidan 1950-åra har det vorte laga maskinar, jordbruksreiskapar og tekstilar i Haikou-området til lokal bruk. Mangelfull tilgang på elektrisitet har sterkt hemma veksten i industrien. Mykje av krafta på øya er vasskraft, og er utsett for årstidssvingingar i tilgangen på vatn i elvane.

Før 1988 vart Hainan halde for eit "vill-vest"-område, lite påverka av industrialisering. Sentrale styresmakter i Kina har oppmuntra utlendingar til å investere i Hainan, og har i stor grad late øysamfunnet basere seg på marknadskreftene. Men også i dag er det relativt få fabrikkar i provinsen. Hainan ligg tilbake for andre økonomiske soner, som Shenzhen og Zhuhai.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme spelar ei viktig rolle i Hainans økonomi. Turistane søker her til den reine og frodige naturen, den reine lufta og sandstrendene.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Føre 1950 fanst knapt ei einaste samferdselsåre mellom kysten og det indre av øya. Fyrste vegane vart bygd tidleg på 1900-talet, men i innlandet vart ikkje vegar bygd før i 1950-åra. Parallelle nord–sør-vegar lang austkysten og vestkysten og gjennom det indre av øya utgjer det meste av vegnettet på Hainan. Hamnene har vorte utbygd for å ta unna meir gods.

Haikou

Øya har ferjesamband med Guangdong-provinsen. I desember 2004 opna jarnbanesambandet Guangdong-Hainan. Storbyen Guangzhou i Guangdong på fastlandet vart då knytt til Hainan. Heile turen, inkludert kryssinga av Qiongzhousundet med ferje, tek totalt 12 timar.

På øya er to flyplassar, ein ved Haikou og den andre ved Sanya.

Ein ny, 302 km lang, jarnbane mellom Haikou og Sanya har vore under utbygging sidan 2007. Jarnbanen vart kostnadsrekna til 18 milliardar yuan og skal vere ferdig i 2010. Forventa reisetid mellom dei to byane er 80 minuttar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hainan vert nemnt fyrste gongen i 110 før Kristus, då han-dynastiet anla ein militær garnison på øya. Hanfolk byrja å flytte til Hainan omtrent på den tid øya vart teken i bruk som forvisingsstad for militære og embetsfolk i unåde i fastlands-Kina. Dei fleste hanfolka flytta til Hainan frå stader som Guangdong, Fujian og Guangxi i dei sørlege delane av fastlands-Kina.

Under song-dynastiet kom Hainan under kontroll frå Guangxiprovinsen. For fyrste gong kom eit større tal hankinesarar, dei busette seg for det meste i nord. Under yuan-dynastiet (1206-1368) vart Hainan ein sjølvstendig provins, men vart lagt under Guangdongprovinsen i ming-dynastiet i 1370. På 1500- og 1600-talet utvandra mange han-ar frå Fujian og Guangdong til Hainan, og pressa li-folk inn i høglandet på den sørlege halva av øya. På 1700-talet gjorde li opprør mot styresmaktene, som svara med å sette inn leigesoldatar av miaofolket som budde i provinsen Guizhou. Mange miaoar busette seg på øya, etterkomarane deira lever i dag i høglandet i vest.

I 1920- og 1930-åra var Hainan ein arnestad for kommunistane. Etter nasjonalistregjeringa slakta ned mange kommunistar i Shanghai i 1927, flykta mange kommunistar til mellom anna Hainan. Kommunistar og li-folk kjempa ein hard geriljakrig mot den japanske okkupasjonen av Hainan (1939-45). Gjennom represaliar drap japanesarane over ein tredel av den mannlege befolkninga. Frigjeringsstyrkane på Hainan vart gjennom 1930- og 1940-talet leia av Feng Baiju. Etter den japanske kapitulasjonen i 1945 tok nasjonalistpartiet atter makta.

Hainan var eit av dei siste områda av Kina som vart styrt av Kuomintang. Landgangen på Hainane tok til i mars 1950 og varte til mai månad. Denne erobra øya for kommunistpartiet. Feng Baiju og geriljastyrken hans spela ei avgjerande rolle gjennom speiding i forkant av landingsoperasjonen, og koordinerte sin eigen offensiv på øya frå jungelbasane sine. Erobringa var gjennomførleg takk vere den lokale geriljastyrken, ein slik mangla på Jinmen, Dengbu og Taiwan.

1.mai 1950 proklamerte folkerepublikken Kina at Hainan var ein eigen region, underlagt provinsregjeringa i Guangdong. Kommunistane sin økonomiske politikk på øya fylgde dei retningslinene som japanarane hadde etablert. Utkomet vart heller lite, grunna øyas isolasjon, det fuktige og tyfonutsette klimaet, samt det seigliva ryktet mellom fastlands-kinesarar om Hainan som ein farleg og forvist stad.

Hainan vart 1. oktober 1984 ein eigen region, med eiga folkeregjering. Fire år seinare vart Hainan skilt frå Guangdong og vart ein eigen provins. Med skiftet i Kinas økonomisk politikk frå sist i 1970-åra, fekk Hainan større merksemd. I 1988 vart øya atter ein eigen provins, og fekk høve til å føre sin eigen økonomiske politikk.