Haitisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haiti
Haiti map.png
Plassering
Koordinatar 19°00′N 72°25′WKoordinatar: 19°00′N 72°25′W
Totale landegrenser 388 km
Grenseland Den dominikanske republikken
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

27 750 km²
27 560 km²
190 km²
Kystlinje 1 771 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Pic la Selle, 2 680 moh
Det karibiske havet, 0 moh,
eller Gheskioklinikken i Port-au-Prince <0 m
eller Gonaïves, <-1 m
Lengste elv Artiboniteelva
Største innsjø Etang Saumatre




Republikken Haiti utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola, vest for Den dominikanske republikken. Øya ligg mellom Det karibiske havet og Atlanterhavet. Landet har eit areal på 27 750 km², og av dette er 27 560 km² landjord og 190 km² vatn. Haiti har ei kystlinje på 1 771 km og ei 388 km lang landegrense mot Den dominikanske republikken.

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Haiti er eit særs fjellendt land og meir enn 3/4 av terrenget ligg over 200 meter over havet. Klimaet er tropisk og halvtørt. Frodige dalar ligg mellom fjellrekkjene og dannar store kontrastar mellom høgdene i mange område. Mellom landet (og Hispaniola) og Cuba ligg Windward Passage, eit 80 km breitt sund mellom dei to landa. Det lågaste punktet i Haiti er av ei kjelde sagt å vere havnivået (Det karibiske havet)[1]), og av ei anna kjelde under havnivå ved Gheskioklinikken i Port-au-Prince[2] eller i Gonaïves, på kring ein meter under havnivå.[3]). Det høgaste punktet i landet er Pic la Selle på 2 680 moh.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

  • Den viktigaste jordbruksdalen i landet er Plaine de l’Artibonite, som ligg sør for Montagnes Noires. I denne regionen ligg den lengste elva i landet og på Hispaniola, Artiboniteelva. Ho har eit nedslagsfelt som startar i dei vestlege områda av Den dominikanske republikken og går gjennom det meste av det sentrale Haiti og munnar ut i Gonâvebukta. Det er mogeleg å segle lekterar eit stykke opp i elva. Dei austlege og sentrale delane av øya er dominerte av eit høgareliggande platå.
  • Dei nordlege områda består av Massif du Nord (Nordmassivet) og Plaine du Nord (Nordsletta). Massif du Nord er ei forlenging av Cordillera Central i Den dominikanske republikken. Det startar ved austgrensa til Haiti, nord for Guayamoucelva og strekkjer seg nordvestover gjennom den nordlege halvøya. Plateau Central (Sentralplatået) strekkjer seg langs begge sider av Guayamoucelva, sør for Massif du Nord. Ho renn frå søraust til nordvest. Sørvest for Plateau Central ligg Montagnes Noires, og den nordvestlegaste delen av desse fjella glir over i Massif du Nord.
  • Dei sørlege områda består av Plaine du Cul-de-Sac (søraust) og den fjellkledde, sørlege halvøya (Tiburonhalvøya). Plaine du Cul-de-Sac er ei naturleg senking der ein finn fleire saltsjøar, som Trou Caïman og den største innsjøen i Haiti, Lac Azuei (òg kjend som Etang Saumatre). Fjellkjeda Chaîne de la Selle er ei forlenging av den sørlege fjellkjeda i Den dominikanske republikken (Sierra dei Baoruco), og strekkjer seg frå Massif de la Selle i aust til Massif de la Hotte i vest. I denne fjellkjeda ligg Pic la Selle, det høgaste punktet i Haiti, med ei høgd på 2 680 meter over havet.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Fleire mindre øyar høyrer til Haiti. Dei mest kjende av desse er:

  1. Île de la Gonâve, den største øya utanfor kysten av Hispaniola. Ho ligg vest-nordvest for Port-au-Prince i Gonâvebukta, som er den største bukta i Antillane. Øya har eit areal på 743 km². Taíno-nament var Guanabo. La Gonâve var ein gong ein sjørøvarbase.
  2. Tortuga, er den nest største øya utfor Hispaniola, og ligg utanfor nordvestkysten av Hispaniola, i Det karibiske havet. Ho har eit areal på 180 km². Øya var eit stort senter for sjørøveri i Karibia på 1600-talet og er kjend frå mange bøker og filmar. Namnet tyder «skjelpadde» og kjem av forma på øya.
  3. Île à Vache (Kuøya) er ei lita, frodig øy like sørvest for Hispaniola med eit areal på 52 km².
  4. Les Cayemites er nokre øyar i Gonâvebukta utanfor kysten av det sørvestlege Hispaniola. Dei har eit samla areal på 45 km².

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg òg fleire innsjøar på Haiti. Den største er òg den nest største innsjøen på Hispaniola og i Karibia, og heiter Etang Saumatre. Han ligg i Cul-de-Sac-senkinga og har eit areal på 170 km². Han er ein saltsjø og er saltare enn vanleg sjøvatn. Her finn ein dyr som spisskrokodille og flamingo.

Peligresjøen er ein kunstig innsjø bygt for Peligre-dammen.

Trou Caïman er ein saltvassjø med eit areal på 16,2 km². Miragoânesjøen er ein av dei største naturlege ferskvassinnsjøane i Karibia med eit areal på 25 km².

Klima[endre | endre wikiteksten]

Haiti ligg i tropane og er heile året dominert av nordaustpassaten, men får likevel ikkje like mykje vind som Den dominikanske republikken, fordi landet ligg på lesida av øya Hispaniola. Terrengforholda og plasseringa i høve til den rådande vindretninga gjev store skilnader i årsnedbøren. Generelt fell det mindre nedbør i låglandet enn i fjella, og nedbøren er vanlegvis størst på nord- og nordaustvende skråningar. Cap-Haïtien på nordkysten får såleis omkring 3 250 mm i året, med nedbør i alle månader, men med eit maksimum om vinteren, då passaten er sterkast. Hovudstaden Port-au-Prince ligg derimot i le av dei nordlege fjellkjedene, og får om lag 1 340 mm nedbør, som hovudsakleg fell i sommarhalvåret. Andre delar av landet får mindre enn 700 mm nedbør per år. Den nordvestlege halvøya og Gonâveøya (Île de la Gonâve) er spesielt tørre.

Temperaturane varierer med høgda, men normal årstemperatur ligg rundt 26°C i låglandet. Døgntemperaturane svingar generelt meir enn årsnormalane. Landsbyen Kenscoff, som ligg 1 430 moh., har ein normal temperatur på 16 °C, medan Port-au-Prince, som ligg på havnivå, har ein normal på 26 °C. Om vinteren kan det kome frost i dei høgaste områda.

Den sørlege halvøya er meir utsett for tropiske orkanar enn andre delar av landet, og har teke stor skade av orkanar som Allen (1980), Gilbert (1988) og Georges (1998). I august og september 2008 skapte fleire orkanar stor skade, og om lag 800 liv gjekk tapt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CIA factbook
  2. Wall Street Journal, 20.–21. februar 2010
  3. Fleire kjelder, som http://web.archive.org/web/20080919004012/http://www.france24.com/en/20080911-disaster-aftermath-hurrican-ike-hanna-gonaives-haiti

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haitisk geografi