Haitisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bitwa na San Domingo (1845) av January Suchodolski.

Haitisk historie har vore prega av ustabilt styresett og fattigdom. Haiti var opphavleg ein fransk koloni, men var mellom dei fyrste landa som erklærte seg sjølvstendig – etter eit slaveopprør i kjølvatnet av den franske revolusjonen – i 1804. Landet vart dermed den fyrste sjølvstendige republikken som var styrt av ikkje-kvite, men sidan frigjeringa har det vore gjennom fleire titals diktatorar og statskupp.[1] Den fyrste demokratisk valde presidenten, Jean-Bertrand Aristide, vart avsett i 1991. Sivilt styre vart gjenoppretta etter at USA og SN gjekk inn i 1994.

Kolonitid og revolusjon[endre | endre wikiteksten]

I løpet av tiåra som følgde etter at Kristoffer Columbus kom til Hispaniola i 1492, vart den innfødde folkesetnaden på øya, tainoane, nesten fullstendig utrydda – mellom anna grunna tvangsarbeid, avrettingar og ulike sjukdommar.[2] Tidleg på 1500-talet vart det oppretta sukkerplantasjar, og folketalet auka igjen, ettersom det vart innført afrikanske slavar.

I 1697 avstod Spania den vestlege tredjedelen av øya, som frå då av vart kjend som Saint-Domingue, til Frankrike. Dette området vart på 1700-talet mellom dei rikaste koloniane i Det franske koloniriket. 22. august 1791 oppstod det, under leiing av Dutty Boukman og Georges Biassou, eit slaveopprør som utvikla seg til ein blodig krig der alle slåst mot alle: Europearane kjempa mot afrikanarane, kreolske plantasjeeigarar mot rojalistiske franskmenn, og franske republikanske troppar mot britane og spanjolane som greip inn. Dei tidlegare slavane gjekk til slutt sigrande ut av krigen – noko som var, og er, unikt i Amerika.[3] Sjølv ein hær som Napoleon hadde sendt for å få tak i nasjonalhelten Toussaint L’Ouverture, vart til slutt slegen, etter at L’Ouverture sjølv hadde overgjeve seg, og etter kvart vart teken til fange. Løytnantane hans tok då over. Saint-Domingue erklærte seg 1. januar 1804 sjølvstendig frå Frankrike, under namnet «Haiti». Leiaren, Dessalines, kalla seg etter inspirasjon frå Napoleon keisar og regjerte som det fram til han vart utsett for konspirasjon og mord i 1806.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Haiti, som var den fyrste sjølvstendige republikken der svarte og folk med blanda opphav dominerte, engasjerte seg i avskaffinga av slaveriet og støtta også Venezuela, Peru og Colombia i deira sjølvstendekamp med revolusjonsleiarar som Bolívar og Miranda. Under president Boyer – som i 1820 sameina landet som sidan 1806 hadde vore delt i ein blanda del i sør og ein svart del i nord – avskaffa Haiti slaveriet. Dette skjedde etter okkupasjonen av den austlege delen som høyrde til Spania frå 1822 og seinare vart Den dominikanske republikken.

Frankrike kravde kompensasjon frå tidlegare plantasjeeigarar då dei anerkjende sjølvstendet til Haiti i 1825. Haiti betalte opp gjennom åra til saman 90 millionar Francs d’Or – som tilsvarar om lag 135 millionar kroner – til Frankrike for sjølvstendet.[4] Kort tid etter sjølvstendet vart dei store plantasjane fordelte mellom innbyggjarane, og dette førte til at eksporten av landbruksprodukt braut saman. Fleire forsøk på å heve produktiviteten i landbruket, der det fyrste var Code Rural frå 1826, svikta – fordi tomtene i landbruksstrukturen var for små. Sidan då har Haiti vore mellom dei fattigaste landa på den vestlege halvkula.

Diktatur og militærkupp[endre | endre wikiteksten]

Haiti har gjennom mesteparten av historia si lide under despotar og kleptokrati. To av herskarane utropte seg også på ulike tidspunkt til keisarar. Frå 1915 til 1934 var landet okkupert av USA, men dei USA-amerikanske troppane kom etter kvart innunder Good Neighbor Policy. Dei prøvde å gjere infrastrukturen betre – spesielt utdanningsstystemet – men desse reformene tok ikkje omsyn til skikkar og tradisjonar i Haiti, og vart difor verken aksepterte eller vellukka. I 1957 lukkast det den tidlegare legen og helsedirektøren François «Papa Doc» Duvalier å ta makta. Han sette seg sjølv inn som diktator i 1964, og vart kjend gjennom den såkalla Tonton Macoute, ein frivillig tropp som var ei slags blanding av hemmeleg politi og kriminell bande. Sonen hans, Jean-Claude «Baby Doc» Duvalier etterfølgde han som statsleiar i 1971 i ein alder av 19 år. «Baby Doc» vart i 1986 utvist frå landet.

Etter utvisinga av Duvalier tok general Henri Namphy over, som interimpresident, fram til eit strengt militærkontrollert val vart halde i februar 1988. Der vann Leslie Manigat, men berre fire månader etter tok Namphy makta att. Deretter gjennomførte ein militærjunta med Prosper Avril i spissen statskupp i september 1988. Denne gruppa regjerte fram til ho i 1990 vart tvinga til å gå av grunna demonstrasjonar. Etter forsøk på nok eit statskupp og innsetjing av to interimpresidentar, vart det fyrste frie valet i landet halde seinare same år. Då vart Jean-Bertrand Aristide, slik mange hadde håpa på, vald til president – med eit overveldande fleirtal. Men allereie i 1991 vart Aristide utsett for kupp av brigadegeneral Raoul Cédras utanfor kontoret sitt. I 1994 kunne Aristide som følgje av ein USA-amerikansk intervensjon (Operation Uphold Democracy) flytte inn att på kontoret, på vilkår om at han favoriserte politikken til den USA-amerikanske føregjengaren sin, som berre fekk 14 % av stemmene i valet i 1990. I 1996 gav Aristide makta vidare til kollegaen René Préval, ettersom perioden hans var ute. SN-mandatet som Haiti låg under i 1995, vart fornya i 1997.

Demokrati og uro[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart det halde eit omstridt parlamentsval – som partiet til Aristide vann. Sidan Aristide også vann i presidentvalet, med over 90 % av stemmene, kom det påstandar om valfusk. Aristide, som overtok makta i 2001 og hadde håpa på å få halde fram, måtte forlate landet i 2004. Medan opposisjonen – USA og Frankrike – overtok posisjonen hans, gjekk Aristide i frivillig eksil. Han omtala dette som eit kupp og såg framleis på seg sjølv som den rettmessige presidenten i landet. SN har hatt kring 10 000 soldatar stasjonerte i ein fredsstyrke i Haiti sidan 2004, som ein del av MINUSTAH.

Båtflyktningar frå Haiti

Etter Aristide vart landet frå 2004 styrt av ei overgangsregjering med Boniface Alexandre som president og Gérard Latortue som statsminister. Denne sat fram til februar 2006, då presidentvalet, som hadde vorte utsett fleire gonger, endeleg vart halde. Med 51,15 % av stemmene vann Préval, men også dette valresultatet vart omstridt. Sidan 14. februar 2006 har Préval igjen vore president i Haiti. Internasjonalt vert han sett på som realpolitikar. I mai 2006 utnemnde Préval politikaren Jacques-Édouard Alexis til statsminister.

Høg inflasjon og sterk prisvekst i verda på grunnleggjande matvarer som ris og mais førte tidleg i 2008 til protestar frå folkesetnaden, og dette kulminerte i opptøyar som kravde fleire menneskeliv.[5] Sjølv om president Préval hadde kunngjort ein kampanje for å få ned matvareprisane, roa situasjonen seg ikkje. 12. april 2008 vedtok senatet i landet at statsminister Alexis skulle fråtre stillinga si,[6] og Michèle Pierre-Louis vart ny statsminister. Sidan 11. november 2009 har Jean-Max Bellerive vore statsminister.

12. januar 2010 vart Haiti, og spesielt hovudstaden Port-au-Prince, ramma av eit kraftig jordskjelv. Meir enn 150 000 skal ha mista livet, og mange vart heimlause. Presidentpalasset, nasjonalforsamlinga og mange andre viktige hus vart øydelagde, i tillegg til eit utal heimar og forretningsbygg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Buvollen/Store norske leksikon.
  2. Coupeau 2008, s. 15.
  3. Coupeau 2008, s. 4.
  4. «Restitution by France to Haiti» av Radio Solidarity på HaitiAction.net (10.04.2003).
  5. «Haiti facing 'major food crisis'» hjå BBC News (01.05.2008).
  6. «Haitian senators vote to fire PM» hjå BBC News (12.04.2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haitisk historie