Hakkespettboka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hakkespettboka er ei fiktiv bok frå Donald Duck & co. Boka inneheld all verdas kunnskap i lommeformat, og ho må ha register som gjer det mogleg å finne fram til kunnskapen på ein augneblink. Hakkespettboka vert bruka av Hakkespettene, ein ideell ungdomsorganisasjon Ole, Dole og Doffen er medlemmer i. Hakkespettboka vart lansert av serieteiknaren Carl Barks i 1954. I originalversjonen har ho namnet Junior Woodchucks Guidebook.

Hakkespettboka inneheld all kunnskap ein Hakkespett kan få bruk for – anten det er ordlister frå framande språk, landkunne eller gammal historie.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I ettertid har serieteiknaren Don Rosa i serien Visdommens voktere forklart historia om korleis hakkespettboka vart til.

Her vert det fortalt at boka stammar frå biblioteket i Alexandria. Då biblioteket brann ned, trudde mange at all kunnskapen som vart samla der hadde gått tapt for alltid. Men ein løynleg orden som hadde som oppgåve å verne kunnskapen i biblioteket, greidde å berge mange av rullane til ein løynd stad. Kunnskapen frå rullane vart overført til store bøker då Johann Gutenberg1400-talet oppfann boktrykkarkunsten.

Desse bøkene vart sidan frakta til Amerika, der kunnskapen vart overført til ei kjempestor bok, den første Hakkespettboka. Den løynlege ordenen som vakta visdomsbøkene hadde ein avleggar i Hakkespettane, ein organisasjon grunnlagt i 1901 av Clinton Kvakk. Clinton var veldig interessert i natur og vitskap. Ein heil del lærte han frå ei bok han ein gong fekk av faren Kornelius Kvakk (grunnleggjaren av Andeby), som hadde funne den i eit hemmeleg rom under Andebyfortet. Den første Hakkespettboka var ei kjempestor bok som det måtte fleire hakkespettar til for å løfte. Etter kvart greidde dei å komprimere kunnskapskjelda til eit lommeformat.

Visjonen om Hakkespettboka[endre | endre wikiteksten]

Carl Barks kan ha fått idéen til Hakkespettboka ved å kombinere ein parodi på den innhaldsrike Speidarguttboka med ein visjon frå artikkelen «As we may think», skriven av direktøren i det amerikanske Office of Scientific Research and Development, Dr. Vannevar Bush, i tidsskriftet Atlantic Monthly juli 1945. I artikkelen lanserte dr. Bush ein visjon om ei kunnskapskjelde som Hakkespettboka.

Vannevar Bush drøymde om å utvikle nye teknikkar for å lagre og attfinne informasjon, han drøymde om at Encyclopedia Britannica skulle kunne lagrast i ei eining på storleik med ei fyrstikkeske, han drøymde om at eit bibliotek med millionar av bøker skal kunne lagrast i ei skivebordskuff, og at heile kunnskapsproduksjonen til menneskja, heilt sidan trykkingas aller første dagar, skulle kunne lagrast i ein varebil.

Vannevar Bush hadde ein visjon om å sikre tilgang til alle dei kunnskapskjelder som er bygde opp gjennom hundreåra. Bakgrunnen var at berg av kunnskap og forskingsresultat vil vere til liten nytte om vi ikkje maktar å halde oversikt over og finne fram i resultata forskarane rundt omkring i verda har framskaffa.

Konkrete hakkespettbøker[endre | endre wikiteksten]

Disneykonsernet har gjeve ut Hakkespettboka, men den handfaste boka har berre namnet til felles med den allkunneboka som Hakkespettboka i teikneserieverda representerer. Også andre bøker har fått kallenamnet Hakkespettboka, av di dei skal vere gode kunnskapskjelder på sine område.

I dag er hakkespettboka ikkje lenger berre ein visjon, men i ferd med å bli ein realitet: Ein berbar PC med tilgang til internett vil snart kunne nå i all verdas kunnskap. Mellom anna har Nasjonalbiblioteket starta arbeidet med å skanne alle bøkene i arkivet, og med tida kan all skriven kunnskap liggje som søkbar informasjon på nettet.

Men Hakkespettboka har ein fordel framfor nettet: Informasjonen er fornuftig avgrensa i omfang, og han kvalitetssortert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

As we may think