Hakking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hakketekstil.
Hakkenål.

Hakking, òg kjend som tunisisk hekling eller i nokre høve afghansk hekling, er ein handarbeidsteknikk der ein lagar tekstilar ved hjelp av ei hakkenål og garn. Hakkenåla liknar ei lang heklenål. Det finst òg variantar med krok i begge endane. Teknikken gjev eit ganske fast resultat med tydeleg rett- og vrangside.

For å hakka må ein starta med å legga opp luftmasker. Så hentar ein tråden gjennom maskene. Det ser no ut som det er strikkemasker på hakkenåla. På neste rad fullfører ein maskene ved å trekka tråden gjennom. Dette kan ein så gjenta til arbeidet er så stort som ønskt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]