Half-Life
| Half-Life | |
| Utviklar(ar) | Valve Software |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Sierra Entertainment |
| Sjanger | Første person skyter |
| Spelmodi | Enkelt og fleirspelar |
| Utgjeving | PC: November 19, 1998 PlayStation 2: November 15, 2001 |
| Motor | GoldSrc (modifisert Quake-motor) |
| Krav | Windows 95, 98 eller NT: Pentium 133 (166+ anbefalt); 24 MB RAM (32 anbefalt); mus; tastatur; 640x480 SVGA high color (16-bit); Windows-kompatibelt lydkort; 400 MB rom på harddisk; 3D kort anbefalast
Steam versjon: Minimum: 500 mhz prosessor, 96mb ram, 16mb 3dkort, Windows 2000/XP, mus, tastatur, internett oppkobling Recommended: 800 mhz prosessor, 128mb ram, 32mb+ 3dkort, Windows 2000/XP, mus, tastatur, internett oppkobling |
| Medium | CD-rom, DVD-rom, netlasting frå Steam |
| Aldersgrense | 16 år |
Half-Life (HL eller HL1) er eit futuristisk førstepersons skytespel, laga av Valve Software, først utgjeve av Sierra Studios den 19. november 1998, for datamaskiner som køyrer Microsoft Windows. Den 14. november 2001 vart spelet gjeve ut tl spelekonsollen Playstation 2. Half-Life brukar ein tungt modifisert utgåve av den første Quake-motoren.
I Half-Life spelar du som Gordon Freeman, ein nyleg uteksaminert teoretisk fysikar. I ein hemmeleg underjordisk amerikansk rakettbase ved namn Black Mesa, gjer ein forsøk på teleportering til andre verdenar. Når dette går gale må Freeman sjølv trå til for å stoppe ein utanomjordisk invasjon og redde sine medarbeidarar.
Half-Life innehev rekorden for mest selde dataspel innan si sjanger, med 8 millionar selde. Spelet vart opplevd som stort nybrottsarbeid, då det gjekk heilt bort ifrå filmsekvensar for å fortelje ei historie. I staden fokuserte ein på førsteperson perspektivet til spelaren, som opplevde førehandsdefinerte sekvensar som området gjekk igjennom og datastyrte karakterar utførte.
[endre] Utvidingar
To utvidingar vart laga av selskapet Gearbox Software for dataversjonen: Half-Life: Opposing Force (1999) og Half-Life: Blue Shift (2001). Half-Life: Decay var ei anna utviding av Gearbox, utgjeven for å følgje med på Playstation 2 utgåva av Half-Life.
I 1999 følgde Team Fortress Classic med i ei oppdatering til Half-Life. Dette var skapt av ansatte i Valve, som tidlegare hadde laga Team Fortress til Quake som hobby. Oppfølgjaren til TFC kom med The Orange Box i 2007.
I 2004 kom oppfølgjaren Half-Life 2, som vart særs godt motteken av kritikarar og publikum. Serien har fortsett i mindre episodar.
[endre] Modifikasjonar
Valve oppfordra og hjelpte til for eit levande modifiseringsmiljø rundt dette spelet, og miljøet blomstra sterkt. Verktøy for å lage brett vart levert gratis med spelet sin CD. Valve gav også ut eit gratis verktøy for å utvikle programvare.
Liste av modifikasjonar til hl
[endre] Bakgrunnsstoff