Halfdan Hegtun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halfdan Hegtun

Fødd8. oktober 1918
Raufoss
Død25. desember 2012 (94 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar, journalist, skribent
BarnHalvor Hegtun
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Halfdan Anthony Hegtun (8. oktober 191825. desember 2012) i Vestre Toten, var ein norsk filolog, journalist, forfattar og politikar for Venstre og Det Liberale Folkepartiet. Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973.

Hegtun vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo som cand. philol. med hovudfag i historie i 1946. Han jobba for BBC 1948–1949, deretter gjekk han over til NRK, der han seinare vart programdirektør for NRK radio (1973–1981).

Han vart vald inn på Stortinget for Venstre frå Akershus i 1965 og gjenvalt i 1969. Etter splittinga av Venstre i 1972 gjekk han over til Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet).

Hegtun sat i DLF sitt sentralstyre frå 1982 til 1988. I 1987-1988 leia han DLF sitt forhandlingsutval i samband med samanslåinga med Venstre, som vart fullført i 1988. I 1992 vart han æresmedlem i Unge Venstre.

Ved kommunevalet i 2003 gjorde han comeback som folkevalt då han, 84 år gamal, vart vald inn i kommunestyret i Bærum.

Som bokforfattar skreiv han to bøker under pseudonymet Even Brattbakken. Det var òg namnet på ein komisk figur han opptredde som. Som sportsjournalist var den mest kjende reportasjen hans frå OL i Melbourne i 1956, der han rapporterte på kortbølgjeradio om Noregs første gull i eit sommar-OL på 36 år (Egil Danielsen, spydkast).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fra Toten og andre verdensdeler (1962)
  • Slik je ser det (1964) (som Even Brattbakken)
  • Norsk fotballs historie (1952)
  • Streiftog i vår tid (saman med Bjarne Gran, 1960)
  • Fra Toten og andre verdensdeler (1962)
  • Ti år uten Stalin (saman med Jahn Otto Johansen), 1963)
  • Rundt fabrikken (1984)
  • Kampen for fred: Europa 1945-90 (1990)
  • NATO og fiendebildet som brast (1991)
  • I kvældssola (1987) (som Even Brattbakken)
  • Ti liv og 200 års norgeshistorie (2006)