Halifax
| Halifax Regional Municipality | |
|---|---|
| Halifax rundt 1920. | |
| Kallenamn «The Queen City» |
|
| Motto «E Mari Merces (Frå havet, rikdom)» |
|
| Styresmakter | |
| Land Provins |
Canada Nova Scotia |
| Grunnlagd | 1. april 1996 |
| Borgarmeister | Peter Kelly |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By (2006) |
372,679 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | Frå 0 til 145 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
AST (UTC-4) ADT (UTC-3) |
| Diverse anna | |
| Telefon-retningsnummer | 902 |
| Heimeside: http://www.halifax.ca | |
Halifax Regionalkommune er hovudstad i provinsen Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 372 679, noko som gjer byen til den 13. mest folkerike i Canada[1]. Den opphavlege byen Halifax vart oppløyst i 1996 då Halifax Regionalkommune vart skipa.
Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av Mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.
Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).
Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.
Bakgrunn [endre]
Den offisielle heimesida til Halifax
Kjelder [endre]
Denne artikkelen er basert på artikkelen på bokmålswikipediaen per 22.06.07, men omarbeidd etter det.