Halitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halitt

Halitt frå Wieliczka saltgeuve i Małopolskie i Polen
Generelt
KategoriHalidmineral
Kjemisk formelNaCl
Strunz-klassifisering03.AA.20
KrystallsymmetriIsometrisk heksoktahedral 4/m 3 2/m
Einingscellea = 5.6404(1) Å; Z = 4
Identifikasjon
Molekylvekt58.433 g/mol
Fargefargelaus eller kvit; òg blå, lilla, raud, rosa, gul, oransje, eller grå
KrystallformHovudsakleg kuar og i massive sedimentære lag, men òg korna, trådaktig og kompakt
KrystallsystemKubisk
Kløyvperfekt {001}, tre retningar kubisk
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2 - 2.5
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt2.17
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksn = 1.544
OppløyselegheitVassoppløyseleg
Andre eigenskaparSalt smak, fluorescerande
Kjelder[1][2][3]

Halitt eller steinsalt er eit mineral som består av natriumklorid (NaCl). Mineralet krystalliserer oftast i terningar og er fargelaust eller kvitt.

Halitt er vanlegast i store leier som vart danna ved fordamping av avsnørte havbukter, som i ettertid vart dekte av sediment. Slike saltleier finst i bergartar av alle geologiske system, særleg perm, og varierer i tjuknad frå centimeter til kilometer. Saltet blir vunne ut av gruver eller brot i fjell.

Halitt er vanleg saman med gips, anhydritt, sylvin, kieseritt, carnallitt og fleire andre løyselege salt. Då halitt er lettare enn den omgjevande bergarten, vil saltsedimenta ha ein tendens til å flytte seg oppover i lagrekka og danne saltstokkar eller diapirar, ofte fleire kilometer i diameter. Petroleumsfeller har ofte ein «hatt» av halitt og svovel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«halitt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]