Halldis Moren Vesaas-prisen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halldis Moren Vesaas-prisen er ein norsk litteraturpris som vert delt ut årleg til ein lyrikar og/eller ein gjendiktar som gjennom fleire verk har markert seg med ei eiga stemme i norsk poesi. Prisen vart stifta av Olaf Norlis Bokhandel i 1995. I juryen sit ein seksjonsleiar frå Norli, ein litterær direktør frå eit forlag og dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum.