Halldor Espelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halldor Espelid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1920
Askøy
Død

29. mars 1944 (23 år)
Kiel

Yrke flygar, militær

Halldor Espelid (6. oktober 1920–mars 1944) var ein norsk krigsflygar frå Askøy.

I september 1940 rømde Espelid med båt til England og fekk flygarutdanning der og i Canada. I 1942 vart flyet hans skote ned, og han vart teken til fange.[1] Espelid deltok i den vidgjetne flukta frå Stalag Luft III (i dagens Polen), og saman med Nils Jørgen Fuglesang kom han seg til Flensburg før dei vart arresterte. Hitler skal ha vorte rasande over flukta, og gav ordre om at alle fangane skulle avrettast, i strid med Genève-konvensjonen. Espelid og Fuglesang vart skotne bakanfrå for å få det til å sjå ut som om dei vart skotne under fluktforsøk.[2]

Halldor Espelid var bror til Ingrid Espelid Hovig og Mons Espelid.

Forteljinga om flukta vart filmatisert som Den store flukten i 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. publisert 24.10.2013.
  2. Aftenposten 15.12.2013.