Hallgrim Hansegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallgrim Hansegård frå Frikar dance company gjer eit hallingkast under ei framsyning av Peer Gynt ved Gålåvatnet.

Hallgrim Hansegård (fødd 28. januar 1980) er ein norsk koreograf og dansar. Han stifta FRIKAR dance company i 2006, og han var dansaren som var modell for danserørslene i onlinespelet Age of Conan. Hansegård vart i 2009 tildelt prisen for beste koreografi mellom dei 43 europeiske landa sine bidrag under Eurovision-konkurransen. Han var hovudartist under Festspilela i Bergen 2010. Og i 2011 vart han Noregsmeister i lausdans (hallingdans).

Hansegård studerte to år ved Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg og tre år på Akademiet for Digital Kunst i Firenze. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot som kunstnar for ein animasjon for tingingsverk på Veneziabiennalen 2003. Sidan produserte han fleire animasjonar og dokumentarfilmar som seinare er vist på norske kinoar og på Skandinavisk Panorama 2005. Desse fekk tredjepremie på SUPERDOK 2005.

Hallgrim Hansegård er eit døme på nyskapande koreografar som i høg grad brukar lokale tradisjonar i eit globalt perspektiv. Her er han i godt selskap med mellom anna koreografane Akram Khan frå England, som bruker kathak-tradisjonane frå Bangladesh i samtidsdansen sin, og Sidi Larbi frå Belgia, som brukar lokale tradisjonar frå ulike verdsdelar. Hansegård hentar inspirasjon frå danserørsler og akrobatikk han har funne i eldre tekstar, intervju med gamle dansarar og gjennom studiar av filmopptak frå 1920 og 1930-talet. Med dette grunnlaget har han saman med dansekompaniet Frikar produsert ei rekke forestillingar: LAUS (2006), KRUK! (2007), THE SNUFF GRINDERS (2007), Skredet (2007), BASTARD (2007), Bukkerittet (2008), Fairytale (2009), YR (2009), TidarÅ (2009) og JAMSIIS (2010). Det er førestillingar med ein til ti utøvarar som bruker sjangrane lausdans, capoeira, break, sirkus og samtidsdans. I tillegg til dansen bruker han videokunst i ei svært avansert form.

Han fekk Statens Kunstnarstipend og prisen "Artist of the year" på The Norwegian Folk Music Awards i 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]