Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud fylke. Det er V-forma og fell om lag saman med Hallingdalsvassdraget.

Dalføret strekkjer seg nordover, frå nordenden av innsjøen Krøderen, gjennom dei nordaustlege og nordlege delane av Buskerud fylke, og er omgjeve av høge fjell på begge sider. Gjennom dalen går riksveg 7 og jarnbana Bergensbana. I nord deler dalen seg i to dalføre, eit som utgjer sidedalen Hemsedal, og eit som deler seg oppatt ved Holet. Det eine dalføret går mot Geiteryggen og Aurland, det andre, Ustedalen, går vestetter mot Finse. Bergensbanen følgjer denne dalen, der Geilo er største tettstaden.

Dalføret er ein økonomisk og kulturell region som omfattar kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsesdal, Ål og Hol og har til saman litt over 20 000 innbyggjarar (desember 2008) og dekkjer eit område på 5830 kvadratkilometer.

Kommunane samarbeider i Hallingdal regionråd, og utgjer Hallingdal næringsregion (NHO). Området er rettsområdet for Hallingdal tingrett under Borgarting lagmannsrett, og verkeområde for Hallingdal prosti under Tunsberg bispedømme. Distriktet utgjorde tidlegare Hallingdalens fogderi.

Dalen har vore prega av smågardar, seterdrift og eit karrig jordsmonn, der ull, mjølkeprodukt og kjøttproduksjon har vore hovudnæringar gjennom hundreåra. Fiske har vore tradisjonell matauk i dei mange fjellvatna. Hallingdølane har òg vore aktive handelsfolk, og det har vore mykje fedrift gjennom dalen, mellom Lærdal og Drammen. Dette ferdsla var i si tid ei viktig ekstra inntekt for bøndene i øvre Hallingdal.

Sidan 1960-talet har dalen hatt ei eksplosiv utvikling i turisme og bygging av hytter. Dalen har òg fleire store og små hotell, både nede i dalen og oppe på fjellet.

Innhaldsliste

Kommunar i Hallingdal [endre]

Nr Våpen Namn Folketal Flatemål Ordførar Parti Målform Inndeling
0615 Flås kommunevåpen Flå 998 704 Tor Egil Buøen Bygdelista Bokmål Nedre
Hallingdal
0616 Nes' kommunevåpen Nes 3420 809 Gerd Eli Berge Sp Bokmål
0617 Gols kommunevåpen Gol 4479 532 Olaug Grønseth Granli Ap Nynorsk Øvre
Hallingdal
0618 Hemsedals kommunevåpen Hemsedal 2087 753 Oddvar Grøthe Sp Nynorsk
0619 Åls kommunevåpen Ål 4672 1171 Torleif T. Dalseide V Nynorsk
0620 Hols kommunevåpen Hol 4422 1858 Erik Kaupang Ap Nøytral

Historie [endre]

Dei første menneska som busette seg i dalen, var nok veidarar som var knytt til Hardangervidda, der dei jakta villrein. I jernalderen var dalen eit senter for utvinning av myrmalm, og dette la grunnlaget for velstand og busetting. Segnene nemner ein kong Hadding som skulle ha gjeve dalen namn (ei gissing freista å tidfeste denne hovdingen til om lag 750). Dei eldste gardane i dalen kan tidfestast til noko før vikingtida. Dei største og eldste gardane har for det meste namn etter klåre landskapsdrag, slik som Rygg, Dal, Sand, Hol, Nes, Foss. Dei første utskiftingane gav namn som Sindrol eller Nerol (syndre og nødre Hol). Som tida gjekk tok folk og til å rydja gardar lengre opp i fjellet, og tok i bruk områda som før hadde vore nytta til stølsdrift. Skurdalen, Ustedalen og Rukkedalen er soleis rydda i nyare tid (Skurdalen ikkje før etter 1700).

Segnene fortel at det har vore fleire kongar som har slost om makta i dalen i tidleg historisk tid (Slaget på Ustedalsfekjo).

Tradsjonelt har dei nordvestlege områda i dalen vore nært knytt til Vestlandet, spesielt i tida før Bergensbanen vart lagt gjennom dalen. Dei sentrale og sørlege delane har derimot vore nærare knytt til Austlandet, spesielt Ringerike, noko som vart forsterka då Bergensbanen opna.

Juridisk sorterte Hallingdal opphavleg under Gulatinget og høyrte til Stavanger bispedømme, men etter makeskifte mellom bispane i Stavanger og Oslo, datert 10. april 1631, vart dåverande Hallingdal og Valdres prosti lagt inn under Oslo bispedømme og slik Oslo lagdømme juridisk. Då Hamar bispedømme gjenoppstod i 1864 vart derimot Hallingdal og Valdres delt, i det Valdres vart lagt til Hamar og Hallingdal framleis som eit geistleg distrikt under Oslo, der Ringerike og Hallingdal prosti vart oppretta. Desse vart derimot skilt i to prosti frå 1914, da Hallingdal prosti vart oppretta som eige prosti. Prostiet kom inn under Tunsberg bispedømme då dette vart oppretta i 1948, etter eit Odelstingvedtak den 24. november 1947.

Prostesetet ligg i Ål prestegjeld, der Ål kyrkje er hovudkyrkje og sokneprest i Nes og Flå, Eivind Fagermoen, for tida er fungerande prost.

Namn [endre]

Namnet Hallingdal, i gammalnorsk skrive Haddingjadalr, har fått namn etter folkeslaget haddingjar, som tyder 'dei langhåra', etter haddr, 'kvinnehår'.[1]


Område [endre]

Det finst i Hallingdal mange kjente hytteområde, særleg nær dei store skianlegga, som;

  • Geilo
    • Kikut
    • Havsdalen
    • Holsåsen
  • Ål
    • Bergsjø
    • Skarslia
    • Votndalsåsen, nær Reineskarvet
    • Liatoppen
    • Sangefjell
  • Gol
    • Golsfjellet
  • Hemsedal
    • Holdeskaret, nær Hemsedal Skisenter
    • Grøndalen
    • Skarsnuten
  • Nesbyen
    • Natten
    • Myking
    • Bøgaset
    • Nystølen
  • Flå
    • Vassfarfjellet
    • Høgevarde, nær Norefjell Skisenter
    • Reinssjøfjell

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Referansar [endre]