Hallingdal sjukestugu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallingdal sjukestugu

Hallingdal sjukestugu (HSS) er eit lokalmedisinsk senter på Ål i Hallingdal. Senteret vart oppretta av Buskerud fylkeskommune som felles sjukestugu for dei seks hallingdalskommunane 1. september 1979. Dette var på det tidspunkt ein heilt ny institusjonstype i Sør-Noreg, men til ein viss grad etter modell frå Alta sykestue i Finnmark. Filosofien var at på grunn av dei lange avstandane til næraste sjukehus, skulle tilbodet vere ei sjukehuserstatning og/eller sjukehuset sin forlenga arm i Hallingdal. Ut over dette fekk Trond Kleppen, som var fyrste administrasjonssjef, relativt frie tøyler til å forme institusjonen.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Somatisk sengeavdeling med 25 senger inkludert fødepost var på eit vis hjørnestein i oppstarten, der ein skulle finne det rette mellomnivået mellom sjukehus og dei kommunale tenestene. Dei pasientane som hadde størst utbytte av eit tilbod i nærmiljøet vart gitt prioritet. Det vil seie at når reiseavstand til sjukehus var ei utfordring, til dømes ved langtids behandling og opptrening utan kontakt med familie og nærmiljø, for eldre, eller for kortvarig observasjonsopphald, skulle sjukestugu gi eit opplegg i nærmiljøet. Det beste dømet er etablering av dialysepost. Pasientane måtte transporterast i drosje eller sjukebil til Drammen (15-25 mil kvar veg) tre gonger i veka for tidkrevande og slitsam behandling. Frå 1993 kunne ein tilby dette ved Hallingdal sjukestugu, og i dag har HSS ein av dei største og finaste dialysepostane i landet.

Somatisk poliklinikk kom i 1981 ved at kirurg og gynekolog ved Ringerike sjukehusHønefoss starta ambulerande poliklinikk. Administrasjonssjef Kleppen sa då i avisintervju at det må vere betre å frakte ein spesialist til 20 pasientar, enn å frakte 20 pasientar til ein lege. Dette viste seg snart å bli ein stor suksess, og i løpet av 1980-åra utvida med stadig nye speialistar. I 1989 var behovet så stort at sjukestugu trengte eit eige nybygg til sin polikliniske verksemd. Dette vart saman med nytt psykiatribygg åpna av dronning Sonja i 1990. I dag har somatisk polikinikk over 20 spesialistar tilknytte den ambulante verksemda, og mange hallingar kan få løyst eit problem på ein time i staden for å bruke ein heil dag på reise til Hønefoss eller Drammen.

Psykiatri hadde ei tid gitt tilbod om ambulant behandling frå Ringerike psykiatriske senter, men etter utbygginga i 1990 fekk Hallingdal eigen psykatrisk poliklinikk og sengeavdeling med 18 senger. Dette vart seinare supplert med BUP (Barne og Ungdoms Psykiatri), og HSS var tilnerma komplett som institusjon.

Akuttmedisin var framleis ei utfordring, da både sjukehusa i Buskerud og luftambulansebasen på Lørenskog låg langt unna, og ikkje alltid kunne rykke ut. Nok ei gong skulle ein lang kamp for eit godt tilbod til innbyggjarane i Hallingdal ende godt. Ein prøvebase vart etablert i 1994, og var så vellykka at dei fekk godkjent ein permament luftambulansebase med NLA som operatør.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Etter 15 år vart Trond Kleppen avløyst som administrasjonssjef og Reidar Aasheim vidareførte gjennom sine 15 år arbeidet med å utvikle HSS til det institusjonen er i dag. Eit viktig steg var innlemminga av sjukestugu som avdeling under Ringerike sjukehus og Vestre Viken, som ein del av sjukehustilbodet i Buskerud.

I 2009 etablerte Regionrådet i Hallingdal prosjektet Lokalmedisinsk Senter i Hallingdal med nettopp dei to tidlegare administrasjonssjefane ved HSS som prosjektleiarar (Kleppen og Aasheim). Hallingdal sjukestugu var grunnpilaren i prosjektet, og etter ein prosjektperiode på fire år og i fleire faser vedtok kommunane i Hallingdal og Vestre Viken å starte utbygginga. I desember 2016 vart Nye Hallingdal sjukestugu åpna, og har sidan vore kroneksempel på samarbeid mellom kommunar og helseforetak.

Venneforeining[endre | endre wikiteksten]

Venner av HSS vart etablert i 2013, der Sigrun Eng er leiar av venneforeininga.