Hallo Spaceboy
| Hallo Spaceboy Singel av David Bowie frå albumet Outside |
||
| B-side | «Under Pressure (live)» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1996 | |
| Innspelt | Mountain Studios, Montreux, mars 1994 | |
| Sjanger | Industriell rock | |
| Lengd | 5:14 | |
| Selskap | BMG/Arista Records 74321 35382 2 |
|
| Produsent | David Bowie, Brian Eno, David Richards | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Strangers When We Meet» (1995) |
Hallo Spaceboy | «Telling Lies» (1996) |
«Hallo Spaceboy» er ein song av David Bowie frå albumet Outside frå 1995. Han vart gjeven ut som singel i 1995 . Bowie skreiv songen i lag med Brian Eno. Songen nevner igjen Major Tom, ein karakter Bowie song om i songane «Space Oddity» og «Ashes to Ashes».
Den kommersielle versjonen av singelen hadde ein remix av Pet Shop Boys som første spor, ikkje den originale albumversjonen. I motsetnad til den originale songen, var singelen langt meir dance-orientert og med ekstra tekst sungen av Neil Tennant. Introduksjonen til songen var sampla frå opninga til Outside, «Leon Take Us Outside». Bowie var først reservert mot å legge til tekst, som refererte til og «kutta opp» teksten til Space Oddity, men seinare vart dei samde om at det fungerte bra så lenge Tennant song den nye teksten.[1]
«Hallo Spaceboy» vart den mest suksessrike singelen frå Outside i Storbritannia. Han låg fem veker på lista og nådde 12. plass.
12"-remiksen av songen vart berre gjeven ut på ein 12" promo og kom til slutt ut på samleplata til Pet Shop Boys kalla Disco 4 i 2007. I 2004 vart denne miksen gjeven ut på bonusplata som følgde nyutgjevinga av Outside.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
CD: BMG-Arista / 74321 35383 2 Europa [endre]
- «Hallo Spaceboy (Pet Shop Boys remix)» – 4:25
- «Under Pressure (live)» (Mercury/Deacon/Taylor/May/Bowie) – 4:07
- utgjeven i pappomslag.
CD: RCA-BMG 74321 35384 2 UK [endre]
- «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
- «Under Pressure» (live) (Mercury/Deacon/Taylor/May/Bowie) – 4:07
- «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
- «The Hearts Filthy Lesson» (Radio Edit) (Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell) – 4:56
CD: BMG-Arista / 74321 35382 2 Europa [endre]
- «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
- «Under Pressure» (live) (Mercury/Deacon/Taylor/May/Bowie) – 4:07
- «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
- «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie Mix) (Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell) – 4:56
CD: BMG-Arista / BVCA-8820 Japan [endre]
- «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
- «Under Pressure» (live) (Mercury/Deacon/Taylor/May/Bowie) – 4:07
- «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
- «The Hearts Filthy Lesson» (Rubber Mix) (Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell) – 4:56
UK 7"-versjon [endre]
- «Hallo Spaceboy (Pet Shop Boys remix)» – 4:25
- «The Hearts Filthy Lesson (Radio edit)» (Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell) – 3:33
12": BMG-Arista / SPACE 2 Europa [endre]
- «Hallo Spaceboy» (12» remix) – 6:34
12": BMG / SPACE 3 UK [endre]
- «Hallo Spaceboy» (Double Click mix) – 7:47
- «Hallo Spaceboy» (Instrumental) – 7:41
- «Hallo Spaceboy» (Lost in Space mix) – 6:29
12": Virgin / SPRO-11513 US [endre]
- «Hallo Spaceboy» (12» remix) – 6:45
- «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
- «Hallo Spaceboy» (Double Click mix) – 7:47
- «Hallo Spaceboy» (Lost in Space mix) – 6:29
- US promo
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, tangentinstrument, gitar, saksofon
- Brian Eno: Synthesizerar
- Reeves Gabrels: Gitar
- Erdal Kizilcay: Bass, tangentinstrument
- Mike Garson: Piano
- Sterling Campbell: Trommer
Konsertversjonar [endre]
- Bowie framførte songen med Pet Shop Boys på Brit Awards i 1996.
- Hausten 1995 spelte Bowie songen i lag med Nine Inch Nails.
- Ein versjon spelt inn i 1996 ved Phoenix Festival i England vart gjeven ut på samleplata Phoenix Festival i 1997 og på konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000.
- På konserten for 50-årsdagen til Bowie i New York i januar 1997, vart song spelt i lag med Foo Fighters. Denne versjonen hadde då med Zachary Alford, William Goldsmith og Dave Grohl på tre forskjellige trommesett og Nate Mendel og Gail Ann Dorsey på to bassgitarar.
- Bowie framførte songen i BBC Radio Theatre i London, 27. juni 2000. Denne vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgjevinga av Bowie at the Beeb.
Andre utgjevingar [endre]
- Pet Shop Boys-remix var utgjeven som eit bonusspor på Outside – version 2.
- Fleire av remixane (hovudsakleg frå 12" promo-singlane) var utgjeven på 2004-utgåva av Outside.
- Den utvida Pet Shop Boys-remixen av Hallo Spaceboy er gjeven ut på Pet Shop Boys-albumet Disco 4, frå 2007.
Andre versjonar [endre]
- Pet Shop Boys spelte songen i lag med Sylvia Mason-James på Bowie sin vokal. Dette vart gjeven ut på videoen Somewhere – Live at the Savoy (1997).
- Behemoth spelte songen under innspelinga av Thelema.6. Dette vart gjeven ut på Antichristian Phenomenon EP i 2001
- Indiebandet First of June spelte inn songen for hyllestalbumet Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie i 2003.
- Det norske progessive metallbandet Pagan's Mind spelte songen i 2007 på albumet God's Equation.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hallo Spaceboy» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: