Hallstätter See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hallstätter See
Hallstätter See - Hallstätter See
Hallstätter See
Stad Salzkammergut i Austerrike
Koordinatar 47°34′43″N 13°39′38″E
Tilsig Traun
Utsig Traun
Største lengde 5,9 km
Største breidde 2,3 km
Overflateareal 13,5 km²
Største djupne 125 m
Høgd over havet 508 m
Busetnadar Hallstatt

Hallstätter See er ein innsjø i Salzkammergut i Austerrike. Overflatearealet er 13,5 km², og på det djupaste er han 125 meter. Innsjøen er eit populært turistområde, særleg for dykkarar. I oktober 2005 skjedde det derimot ei ulykke i ei saltgruve som ligg ovanfor innsjøen, og ca. 11 000 m³ saltlake rann ut i innsjøen (tilsvarar 3000-4000 tonn salt). Dette har ført til at heile innsjøen har vorte salt, noko han kan vere i fleire år framover. Dette har igjen gått ut over den naturlege fiskestanden i innsjøen.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hallstätter See