Hallstahammar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°37′00″N 16°15′00″E

Hallstahammar jarnbanestasjon

Hallstahammar er ein svensk tettstad og centralort i Hallstahammars kommun i Västmanland län i landskapet Västmanland. I 2005 hadde tettstaden 10 300 innbyggjarar. Dei næraste byane er Västerås, Köping og Eskilstuna.

Metallindustri var grunnlaget for samfunnet i Hallstahammar. Starten skjedde i 1628 då ei smie blei etablert i Trångfors. Alt i 1558 hadde kong Gustav Vasa bygd Strömsholm slott, som i dag er eit museum. Strömsholm kanal blei innvigd i 1795 og gjorde godstransporten mykje lettare, så transport og handel blei viktige aktivitetar i byen. I 1931 tok Hans von Kantzow patent på stållegeringa Kanthal (oppkalla etter han sjølv i første ledd og Hallstahammar i andre) og etablerte bedrifta Kanthal AB. Hallstahammar er i dag ein tettstad med moderne og aktiv handel, men har bevart preget av industristad.

Thore Skogman kom frå Hallstahammar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hallstahammar