Hallstavik

Koordinatar: 60°2′38.155″N 18°35′47.112″E / 60.04393194°N 18.59642000°E / 60.04393194; 18.59642000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°2′38.155″N 18°35′47.112″E / 60.04393194°N 18.59642000°E / 60.04393194; 18.59642000

Norrtälje i forhold til Stockholm

Hallstavik er ein svensk tettstad rundt Edeboviken i Norrtälje kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. Staden ligg midt i Roslagen, ved munningen av Skeboån. I 2005 hadde tettstaden 4 530 innbyggjarar.

Hallstavik ligg cirka 44 kilometer nordaust for Norrtälje og 60 kilometer aust for Uppsala. Staden var liten fram til Hallsta pappersbruk blei etablert i 1915. Eigarkonsernet Holmen Bruk blei i mellomkrigstida utvikla til ein stor produsent av avispapir og papir til magasin i Sverige. For å transportere papiret blei det etablert ein jernbane i 1977 til Hargshamn, men den er berre for godstrafikk og fraktar papiret til hamna for eksport.

Skodespelaren Peter Engman er frå Hallstavik. Staden er òg heimstad for speedwayklubben Rospiggarna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]