Hallvard Bakke
Hallvard Bakke (fødd 4. februar 1943 i Flesberg i Buskerud) er ein norsk økonom, journalist, tidlegare politikar for Arbeidarpartiet og sidan 2006 styreleiar i NRK.
Som student gjennomførde han russiskkurset i Forsvaret og utdanna seg til siviløkonom ved Noregs Handelshøgskole (1968).
Bakke arbeider ved Norsk institutt for strategiske studier (Noriss), ei vidareføring av Europa-programmet, som seniorrådgjevar. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i fem samanhengande periodar frå 1977 til 1997 etter å ha vore vararepresentant dei to føregåande periodane, 1969–1973 og 1973–1977. Hallvard Bakke var handels- og skipsfartsminister i regjeringa Nordli i 1976–1979, og kultur- og vitskapsminister i regjeringa Brundtland II i perioden 1986–1989. I EU-debatten markerte han seg tydeleg på nei-sida, og var leiar for SME (Sosialdemokratar mot EU).
Han var økonomisjef ved Den Nationale Scene frå 1969 til 1976, og før det var han i eitt år informasjonssjef same stad. Bakke er styreleiar i dansekompaniet Carte Blanche, og er eller har vore spaltist i avisene Dagsavisen, Klassekampen og BA. Han har også arbeidd eitt år som journalist i sistnemnde. I tillegg har han leidd Dagspresseutvalet og Massemedieutvalet, og skrive fleire bøker.
Hallvard Bakke var tidlegare gift med Gunvor Hals, programleiar i NRK.
Innhaldsliste |
Regjering [endre]
- 15. januar 1976–8. oktober 1979: statsråd i Handels- og skipsfartsdepartementet
- 9. mai 1986–16. oktober 1989: statsråd i Kultur- og vitskapsdepartementet
Presidentskapet på Stortinget [endre]
- 8. oktober 1981–30. september 1985: andre varapresident i Odelstinget
- 5. november 1984–15. desember 1984: mellombels president i Odelstinget
- 9. oktober 1985–9. mai 1986: andre varapresident i Odelstinget
Stortingskomitéar [endre]
- 1977–1981: medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
- 1977–1981: varamedlem i Valkomitéen
- 1981–1985: nestformann i Fullmaktskomitéen
- 1981–1985: varamedlem i Valkomitéen
- 1981–1985: medlem i Finanskomitéen
- 1981–1985: varamedlem i Kontrollkomitéen
- 1981–1985: medlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
- 1985–1989: medlem i Fullmaktskomitéen
- 1985–1989: varamedlem i Valkomitéen
- 1985–1989: varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1985–1989: medlem i Finanskomitéen
- 1985–1989: medlem i Kontrollkomitéen
- 1989–1993: medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
- 1989–1993: varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993: medlem i Kyrkje- og undervisingskomitéen
- 1993–1997: medlem i i Valkomitéen
- 1993–1997: medlem i Den utvida utanrikskomitéen
- 1993–1997: medlem i Utanrikskomitéen
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- «Hallvard Bakke» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Bakke, Hallvard» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
| Føregjengar Eldbjørg Løwer |
Styreleiar i NRK 2006–2008 |
Etterfylgjar — |
| Norske handelsministrar | |
|---|---|
| Erik Brofoss (1947-54) · Oscar Torp (1954) · Nils Langhelle (1954-55) · Arne Skaug (1955-62) · Oscar Chr. Gundersen (1962-63) · Kåre Willoch (1963) · Erik Himle (1963-64) · Trygve Lie (1964-65) · Kåre Willoch (1965-70) · Otto Grieg Tidemand (1970-71) · Per Kleppe (1971-72) · Hallvard Eika (1972-73) · Jens Evensen (1973-74) · Einar Magnussen (konstituert) (1974-76) · Hallvard Bakke (1976-79) · Reiulf Steen (1979-81) · Kari Gjesteby (1981) · Arne Skauge (1981-83) · Asbjørn Haugstvedt (1983-86) · Kurt Mosbakk (1986-88) · Jan Balstad (1988-89) · Kaci Kullmann Five (1989-90) · Eldrid Nordbø (1990-91) · Bjørn Tore Godal (1991-94) · Grete Knudsen (1994-96) |
| Norske kulturministrar | |
|---|---|
| Lars Roar Langslet (1981–86) · Hallvard Bakke (1986–89) · Eleonore Bjartveit (1989–90) · Åse Kleveland (1990–96) · Turid Birkeland (1996–97) · Anne Enger Lahnstein (1997–99) · Åslaug Haga (1999–2000) · Ellen Horn (2000–01) · Valgerd Svarstad Haugland (2001–05) · Trond Giske (2005–09) · Anniken Huitfeldt (2009–2012) · Hadia Tajik (2012-) |
- Fødde i 1943
- Norske politikarar
- Norske siviløkonomar
- Norske kulturministrar
- Norske handelsministrar
- Norske statsrådar etter 1945
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Folk frå Flesberg
- Arbeidarpartipolitikarar
- Ap-statsrådar