Hallvard Eggset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallvard Eggset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1915
Død

5. oktober 1999 (84 år)

Yrke bonde, langrennsløpar

Hallvard Eggset (28. juli 19155. oktober 1999) var ein norsk langrennsløpar frå Alvdal. Han vart noregsmeister på femmila i 1947, og tok elles tre sølvmedaljar i ulike noregsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Eggset fekk sølvmedaljen på 15 km under NM på ski 1946, eit knapt minutt bakom Arve Ulseth frå Åmot. På 50 km, avvikla heime i Alvdal, vart han nummer seks og på 30 km nummer ni. Også i Holmenkollen vart han nummer seks på femmila. I 1947-sesongen gjekk han heilt til topps på NM-femmila, med sluttida 3.43.07 var han over seks minuttar føre nestemann på resultatlista, Thorleif Vangen.

I 1948 kom Eggset andreplassen på femmila under ski-NM og i Holmenkollen. I noregsmeisterskapen vart han slått av Magnar Estenstad med vel tre minuttar, men største prestasjonen for sesongen var femmilsløpet i Holmenkollen. Eggset vart slått av den sterke svensken Harald Eriksson med to minuttar og 25 sekundar, men hadde over fem minutt betre sluttid enn nest beste nordmann.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]