Hallvard Eika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallvard Eika
Fødd5. desember 1920
Torquay
Død17. mai 1989 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, faglitterær forfattar, bonde
Alle verv

Hallvard Eika (5. desember 192017. mai 1989) var ein norsk agronom og politikar for Venstre .

Eika studerte på Norges landbrukshøgskole frå 1943 til 1946. Han overtok garden Eika i Bø i Telemark i 1952. Han var formann i Norges Bondelag frå 1955 til 1966.

Eika var ordførar i Bø frå 1967 til 1970, då han gjekk inn i regjeringa. I 1969 blei han vald inn på Stortinget for Venstre i Telemark og sat på Stortinget i to periodar, fram til 1977. Han var organisatorisk nestformann for Venstre frå 1970 til partisplittinga i 1972. Han var ein av fire stortingsrepresentantar som blei igjen i Venstre.

Etter Stortinget var han fylkeslandbrukssjef i Telemark frå 1977 til 1985. Mellom mange styreverv var han styreformann for Fokus Bank frå 1987 til 1989.

Eika vart i 1986 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]