Halo, halo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Halo, halo»
Singel av Aska
Land Jugoslavia
Språk Serbokroatisk
Låtskrivar(ar) Aleksandar Ilić og Miro Zec

«Halo, halo» (serbokroatisk «Хало, xало», serbokrotisk for Hei, hei) er ein singel av Aska. Songen er skriven av Aleksandar Ilić og Miro Zec.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Jugovizija 1982[endre | endre wikiteksten]

12. mars 1982 arrangerte Jugoslavenska radiotelevizija Jugovizija 1982, den jugoslaviske uttakinga til Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia, i eit fjernsynsstudio i Ljubljana. «Halo, halo» vart framført på serbokrotisk av Aska, og vann til slutt tevlinga med 60 poeng.

Eurovision Song Contest 1982[endre | endre wikiteksten]

«Halo, halo»
Eurovision Song Contest 1982
Land Jugoslavia
Artist(ar) Snežana Mišković, Izolda Barudžija og Snežana Stamenković
Alias Aska
Språk Serbokroatisk
Komponist(ar) Aleksandar Ilić
Låtskrivar(ar) Miro Zec
Resultat
Finalepoeng 21
Finaleplass 14
Jugoslavia i Eurovision Song Contest
«Leijla»
(1981)
«Halo, halo» «Džuli»
(1983)

Etter sigeren i Jugovizija 1982 fekk «Halo, halo» representere Jugoslavia i Eurovision Song Contest 1982. Òg her vart bidraget framført på serbokroatisk av Aska. I finalen enda Jugoslavia på 14. plass med 21 poeng; tolv frå Sverige, fire frå Tyrkia, tre frå Danmark og eitt frå Belgia og Kypros. Dirigenten var Zvonimir Skerl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1982