Haloklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haloklin er ein stor vertikal salinitetgradient i sjø og vatn. Fordi salinitet (i lag med temperatur) påverkar tettleiken til sjøvatn, spelar han ei rolle i den vertikale lagdelinga i vatn. I hovudsak er vatn med lågare salinitet lettare enn vatn med høgare salinitet, og det lettare vatnet legg seg på toppen av det tyngre. Storleiken på tettleiksgradienten som oppstår spelar ei viktig rolle i å avgjere vertikal blanding. Stor salinitetgradient vil hindre blanding, medan ein i tilfellet med svake salinitetgradientar lettare kan få blanding av vassmassane.

Vanlegvis er det temperaturen som i hovudsak styrer tettleiken, men salinitet og haloklinar er dominerande i visse område av verdshava. Dei subarktiske områda av Stillehavet og Atlanterhavet er slike område.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]