Haloklingrotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei haloklingrotte er ei karstgrotte som har oppstått i grenseflata mellom ferskvatn og saltvatn. Slike grotter finst i kystområde med porøse kalkbergartar, særleg på øya som ligg på dekke av karbonat, som Bahamas og Bermuda.

Ferskvatn dekkjer dei delane av øya som ligg over havnivå, medan saltvatn trenger inn frå kysten på større djupner. Sidan ferskvatnet er lettare enn saltvatnet, vil det ligge å flyte over det salte vatnet. Grensa mellom desse to vassmassane kallar ein haloklin, og skiljet vert ofte særs skarpt. Både ferskvatnet og saltvatnet kan kvar for seg vere metta på kalsiumkarbonat, som vil sei at det ikkje vil tære på grunnfjellet på grunn av kjemiske reaksjonar. I grensesonen mellom dei to vassmassane kan vatnet derimot vere umetta med omsyn på kalsiumkarbonat. Dette gjer at ein kan få tæring på grunnfjellet i denne sonen, og det kan dannast kompliserte og forgreina grottesystem, samstundes som det dannast grotter i øvre delar langs grunnvasspegelen i ferskvassonen.

Haloklingrotter munnar som regel ut i havnivå ved strandsonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Haloklingrotte. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/haloklingrotte.