Halshogging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaj Mirlikiskij stoggar halshogginga av tre uskuldige i dette måleriet av Ilja Jefimowitsch Repin.

Halshogging eller avhovding er ein gammal avrettingsmetode som har vore bruka mykje opp gjennom tida. Han er framleis i bruk i somme land, såleis Saudi-Arabia. I eldre tider var det slik i ein del land, mellom dei England, at halshogging vart sedd på som mindre audmjukande enn henging, slik at adelege dødsdømde vart halshogde, medan andre oftast vart hengde. Reiskapane som har vore bruka ved halshogging er sverd, øks og giljotin. Giljotinen var ei tung falløks i ei ramme, og vart oppfunnen av ein lege som eit meir humant og raskt alternativ til dei avrettingsmetodane som var bruka før.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.