Halsnøyfjorden

Koordinatar: 59°45′5.5908″N 5°32′3.7068″E / 59.751553000°N 5.534363000°E / 59.751553000; 5.534363000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°45′5.5908″N 5°32′3.7068″E / 59.751553000°N 5.534363000°E / 59.751553000; 5.534363000

Utsikt over Halsnøyfjorden frå Vikefjell ved Sunde.
Foto: Jostein Røstbø (2010)

Halsnøyfjorden er ein del av Hardangerfjorden i Sunnhordland mellom Halsnøy i Kvinnherad kommune i aust og Stord og Sveio i vest. Han er ei fortsetjing av Bømlafjorden og austover til Husnesfjorden. I sør, mellom Tittelsnes i vest og Fjelbergøy i aust, går Bjoafjorden sørover, medan Klosterfjorden går 13 km rett austover og inn til Halsnøy.

Fjorden har innløp i vest mellom Tittelsnes i Sveio i sør og verftet Aker Kværner Stord på Stord i nord. Like aust for verftet ligg Leirvik, kommunesenteret på Stord. Frå her held fjorden fram rett austover til Halsnøy. Aust for øya Hille ligg Klosterfjorden inn mot Halsnøy, nord for Fjelbergøy.

Den sørlegaste delen av fjorden, ved innløpet til Bjoafjorden, ligg akkurat innanfor kommunegrensa til Vindafjord, som er ein del av Rogaland fylke.

Det går eit ferjesamband over fjorden mellom Fjelberg på Fjelbergøy og Skjersholmane på Stord.