Haltdalen stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°25′4.4″N 10°21′18.5″E

Haltdalen stavkyrkje
Old pine church.jpg
Kyrkja frå nord.

Foto: Pat Hayes

Generelt

Den norske kyrkja

Innvigd:  Ukjend
Endringar:  Riven og oppattbygd minst fire gonger[1]
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Portal:  Tre stykke[1]
Kor:  3,4 x 2,9 m.[1]
Skip:  5,8 x 4,8 m.[1]
Kyrkjerommet
Preikestol:  Har ikkje[1]
Døypefont:  Har ikkje[1]
Altartavle:  Har ikkje[1]
Commons-logo.svg
Haltdalen stavkyrkje på Commons

Haltdalen stavkyrkje, tidlegare òg kalla Haltålen stavkyrkje, står på frilutfsområdet til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim i Sør-Trøndelag fylke. Ho er ei enkel, vel ni meter lang, einskipa stavkyrkje med rektangulært skip og kor, begge med bratte spontekte salttak. Koret er noko lågare enn skipet. Hjørnestavane har store flattrykte kuler nedst, noko ein ikkje kjenner frå andre stavkyrkjer.[1]

Hjørnestav med flattrykt kule nede.
Foto: Cato Edvardsen

Kyrkja var soknekyrkje i Haltdalen i noverande Holtålen kommune fram til 1881.[1] Etter at ho gjekk or bruk vart ho flytt til Vitenskapsmuseet i Trondheim der ho vart reist på slutten av 1880-åra.[1] Ved rekonstrueringa vart det også brukt deler av stavkyrkja frå Ålen[1], nabobygda til Haltdalen. I 1937 vart ho flytt til Sverresborg, der ho vart teken nedatt i 1940 grunna verdskrigen, og sett oppatt på slutten av 1940-åra.[1] Kyrkja skal også ha vorte flytt nokre hundre meter i 1704.[1] All flyttinga og endringane gjer henne vanskeleg å datere, men på grunnlag av nokre årringsdateringar og vurdering av stilelement og konstuksjon vert delar av kyrkja datert til siste halvdelen av 1100-talet.[2]

Innhaldsliste

[endre] Kopiar av kyrkja

Haltdalen nye stavkyrkje frå 2004 står i Haltdalen og vart så langt det lot seg gjere bygd slik dei bygde i mellomalderen. Ho står ved den gamle kyrkjestaden.
Foto: PerPlex
Teiking av konstruksjonen i skipet.
Teiking: Håkon Christie

Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja seinare år. Ei vart gjeven som gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000. Ho står på Heimaey. Ei anna heiter Haltdalen nye stavkyrkje og står mellom den gamle kyrkjegarden og nykyrkja i Haltdalen i Holtålen kommune. Ho vart vigsla 29. august 2004.[3] Begge desse kyrkjene har svalgang, noko det er tydlege spor att av på originalen, og dei gjev truleg eit godt inntrykk av korleis kyrkja såg ut i mellomalderen. Ein tredje versjon står på Hølonda i Melhus kommune og heiter Kolbrandstad stavkyrkje.[4] Ho vart bygd i 1999 og er utan svalgangar. I tillegg er det planar om å bygge ein kopi på Hindrem i Leksvik kommune.[4] Haltdalstavkyrkja gav også inspirasjon til bygginga av Holzstabkirche St. Nikolai. Ho vart bygd av born og ungdommar på Bauspielplatz Roter Hahn i Lübeck i Tyskland i 2007.[5][6]

[endre] Interiør og inventar

Kyrkja har alter, men elles er ho ribba for inventar. Det er merkje i veggene etter galleri og vindaugsopningar, og det er restar etter dekormåling frå 1600-talet på veggene.

[endre] Portalar

Kyrkja har tre portalar. Alle er enkle med lite eller ingen skurd. Vestportalen kjem frå Ålen stavkyrkje. Dei to andre portalane er på sørsida, ein i koret og ein i skipet.

[endre] Referansar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk