Halvdan Svarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Halvdan Svarte Gudrødsson vart truleg fødd kring år 810. Han døydde kring år 860. Frå om lag 850 var han konge over store delar av austlandet i Noreg. Han var far til kong Harald I Hårfagre, som er kjend som den som samla Noreg til eitt rike.

Tilnamnet «Svarte» fekk Halvdan på grunn av det svarte håret sitt.

Tradisjonen knytt til Halvdan Svarte er uviss. Han er nemnd i fleire historiske verk; Ågrip (Trondheim, om lag. 1190), Heimskringla (Snorre Sturlason, om lag 1220) og Fagrskinna (Island, om lag 1225).

Familie[endre | endre wikiteksten]

  • Gift fyrst med Ragnhild Haraldsdotter, men ho døydde
  • Barn: Harald Halvdansson (Haraldur Hálfdansson). Konge i Sogn

Halvdan Svarte sitt liv[endre | endre wikiteksten]

Halvdan Svarte høyrde til i fylgje Snorre Ynglingeætta, og herska over store delar av Austlandet. Han arva det nordlege Vestfold og la under seg Opplanda og Vika.

Ragnhild Sigurdsdotter sin far, Sigurd Hjort, var den gong eigar av Stein gard i seinare Hole kommune. Berserken Håke drap fyrst Sigurd Hjort og røva Ragnhild med seg. Halvdan Svarte redda Ragnhild og gifta seg med henne. Han skal ha busett seg på Stein gard. Han utgjer ein av dei fire kongane i kommunevåpenet til Hole kommune.

Halvdan Svarte døyr, Halvdanshaugen[endre | endre wikiteksten]

Soga fortel at vikingkongen Halvdan Svarte er gravlagt i Halvdanshaugen på Stein i Hole kommune i Buskerud. Snorre skriv at ei gong Halvdan Svarte hadde vore på vitjing på Hadeland, reiste han over Randsfjorden på veg heim. Då gjekk han gjennom isen med hest og slede, og drukna. Stormenn frå Romerike, Vestfold og Hedmark kom til Ringerike og ville ha liket med seg for hauglegging. I fylgje Snorre vart dei samde om å dela liket opp, så alle fire regionar fekk sin Halvdanshaug. Hovudet skal liggja i Halvdanshaugen på Stein. Seinare vart Halvdan Svarte dyrka som ein grødegud av bøndene der.

Andre historiske kjelder (Ågrip og Fagrskinna) nemner ikkje noko om at liket vart delt, men dei skal ha soge ut blodet og derreter kansje ha delt det.

Ein har trudd at grava i Halvdanshaugen er over 300 år for gamal til å vera Halvdan si grav. Eit jordlag i gravhaugen er datert til år 870, berre ti år unna Halvdan Svarte sin død kring år 860.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]