Halvleiarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Halvleiarar er ei gruppe stoff som leier elektrisk straum dårlegare enn metalliske leiarar, som kopar, men betre enn isolatorar, som glas. Å nytta halvleiarar dannar grunnlaget for moderne mikroelektronikk. Halvleiarmateriale inngår som eit nødvendig delemne i komponentar som diodar og transistorar.

Atoma i ein halvleiar "låner bort" elektrona i sine ytste elektronskal til nabo-atoma, slik at atoma fyller opp dei ledige elektronplassene i dei ytste skala til kvarandre. Dermed er alle ytterskalelektrona involverte i bindingane mellom atoma, og det er ingen att som kan røra seg fritt. Når stoffet ikkje leier elektron, seier me at det ikkje leier straum.

Halvleiarar leier derimot straum viss dei blir oppvarma, viss ein set på ei tilstrekkeleg ytre spenning, eller viss dei vert dopa med mengder av eit anna grunnstoff som fører til overskot eller underskot av elektron. Ein halvleiar vert kalla P-dopa (positiv) viss han har overskot av elektron, og N-dopa (negativ) viss han har underskot.

Døme på halvleiarar er silisium, germanium og karbon. Silisium er halvleiarmaterialet som vert oftast nytta innan mikroelektronikk.

Kjelder [endre]