Halvnote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein halvnote etterfølgt av ein halvpause

Halvnote, på italiensk minima, er eit symbol brukt i musikknotasjon. Halvnoten uttrykkjer ei varigheit av ein halv takt i 4/4 takt, noko namnet er avleidd frå. Symbolet er ein oval utan fyll med hals.