Halvor Folgerø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Folgerø (fødd 3. februar 1967) er ein journalist frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK, der han har vore programleiar for mellom anna Mediemenerne. Han har òg vore med i humorprogrammet Radio Røynda. Folgerø vart sommaren 2006 tilsett som nyhendeanker i Bergens Tidende sin TV-stasjon, BTV.
Som musikar er han bassist i gruppa Aftenlandet og fagottist i populærorkesteret Finn Erix.
Folgerø debuterte som forfattar i 2005, saman med kollega Finn Tokvam, med romanen Tyl.