Halvor Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Solberg

Halvor Solberg, ca. 1935
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1895
Ringsaker i Hedmark
Død

31. januar 1974 (78 år)
Oslo

Yrke Meteorolog og professor
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Halvor Skappel Solberg (fødd 5. februar 1895 i Ringsaker, død 31. januar 1974 i Oslo) var ein norsk meteorolog kjent som ein av grunnleggjarane bak Bergensskulen i meteorologi. Solberg fungerte som assistent til Vilhelm Bjerknes i perioden 1916-1918 og vart sidan tilsett som meteorolog ved Meteorologisk institutt. Frå 1922 var han stipendiat ved Universitetet i Oslo, der han òg vart dr.philos i 1928. I 1930 vart han tilsett som professor i teoretisk meteorologi ved UiO, ei stilling han hadde til 1964.

Det viktigaste bidraget til Solberg innan meteorologi var førestillinga om polarfronten som ein tilnærma samanhengande grenseflate mellom luft av polar og luft av subtropisk opphav. Gjennom det teoretiske arbeidet sitt utvikla han forståinga av danninga av polarfrontsyklonane, utvikling og rørsle. Einskilde arbeid av Solberg finst i utgjevinga Physikalische Hydrodynamik som vart gjeven ut i 1933 av Vilhelm Bjerknes, Jakob Bjerknes, Tor Bergeron og Halvor Solberg. I ly av arbeidet sitt og posisjonen sin hadde Solberg fleire nasjonale og internasjonale tillitsverv.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Solberg voks opp ved Vang rett utanfor Hamar og tok examen artium ved Hamar katedralskole i 1912. Etter dette studerte han realfag ved UiO og vart cand.mag. i 1916 med astronomi, kjemi og mekanikk. I denne perioden arbeidde han òg med nordlysforsking der han fungerte som assistent til professorane Lars Vegard og Carl Størmer. Etter eksamen drog Solberg til Leipzig der han byrja som assistent hos Vilhelm Bjerknes.[1] Allereie året etter følgde han med Bjerknes då han vart kalla tilbake til Universitetet i Bergen for å organisere det nyoppretta geofysiske instituttet.

Ved slutten av første verdskrigen var det matmangelen i landet, og som ein del av å løyse dette problemet organiserte Vilhelm Bjerknes og Theodor Hesselberg ei ekstraordinær vêrvarsling for jordbruket i sommarmånadane med vêrstasjonar langs heile vestlandskysten. Solberg og Jakob Bjerknes leia arbeidet med å analysere dei innkomne dataa og inkorporerte desse i vêrvarselet. Jacob Bjerknes var stasjonert i Bergen og Solberg var stasjonert i Kristiania som meteorolog frå juli 1918, medan Tor Bergeron sidan kom inn og deltok i arbeidet i Bergen i 1919. På grunnlag av dei observasjonane som desse gjorde, utvikla dei deretter ein modell for lågtrykk kalla syklonmodellen, som enno blir i dag brukt og som danna grunnlaget for den såkalla Bergensskulen i meteorologi[2].

Ved at Solberg meinte at han trong ein hydrodynamisk teori for å bevise at polarfronten var ustabil, innsåg han at han trong meir skolering innan matematikk og hydrodynamikk. Dette løyste Solberg gjennom at han studerte emna ved universiteta i Göttingen og i Paris i perioden 1921 til 1927. Sommaren 1922 vart han universitetsstipendiat i praktisk matematikk, og i 1925 oppdaga han blant anna tregleiksbølgjer i væsker. Etter fullførte studium vende han tilbake til Oslo der han igjen vart assistent for Vilhelm Bjerknes. Året etter kom doktoravhandling hans Integrationen der atmosphärischen Störungsgleichungen som baserte seg på syklonproblemet.

I 1930 vart Solberg tilsett som professor i teoretisk meteorologi ved UiO og vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. I løpet av 1930-talet gav arbeida hans blant anna utslag i ein ny forbetring av den eksisterande teorien om flo og fjøre. Han kom òg med nye resultat i skildringa si av svingingar og bølgjerørsler i atmosfæren, og dessutan at han òg utleia vilkåret for stabilitet i strøymande væske og gass. I 1937 vart Solberg invitert til Warszawa i Polen av den polske regjeringa i eit forsøk på å organisere ei polsk vêrvarslingstenesta etter den norske modellen. Han heldt òg gjesteforelesningar i fleire land, blant anna fleire gonger i USA. Solberg sat som formann av Norsk Geofysisk Samskipnad i perioden 1937 til 1938, og var styreformann i Den nasjonale komiteen for geodesi og geofysikk i perioden 1946 til 1958.

Solberg vart generalsekretær ved DNVA frå 1946 og sat i denne stillinga fram til 1954. Han sat i sin professoratstilling ved UiO heilt til 1964, men fungerte òg som dekanus ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet i okkupasjonsperioden 1942 til 1945. Frå 1950 til 1955 var han òg formann i Dei nasjonale komitèane for matematikk og mekanikk. I hans dryge 34 år ved UiO vart det uteksaminert meir enn 120 kandidatar med hovudfag i meteorologi. Solberg vart i 1937 tildelt Fridtjof Nansen-prisen for framifrå forsking i Matematisk-naturvitenskaplig klasse for arbeidet sitt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1921: Meteorological Conditions for the Formation of Rain (med Jacob Bjerknes), Geofysiske publikationer, bind 2, nummer 3.
  • 1922: Life Cycles of Cyclones and the Polar Front Theory of Atmospheric Circulation (med J. Bjerknes), ibid. bind 3, nummer 1.
  • 1928: Integrationen der atmosphärischen Störungsgleichungen. 1: Wellenbewegungen in rotierenden, inkompressiblen Flüssigkeitsschichten, doktoravhandling, ibid. bind 5, nummer 9.
  • 1933: Physikalische Hydrodynamik mit Anwendung auf die dynamische Meteorologie (med Vilhelm Bjerknes, J. Bjerknes og Tor Bergeron), Berlin.
  • 1936: Über die freien Schwingungen einer homogenen Flüssigkeitsschicht auf der rotierenden Erde, Astrophysica Norvegica, bind 1, nummer 7.
  • 1936: Schwingungen und Wellenbewegungen in einer Atmosphäre mit nach oben abnehmender Temperatur, ibid. bind 2, nummer 2.
  • 1936: Le mouvement d'inertie de l'atmosphère stable et son rôle dans la théorie des cyclones, Edinburgh.
  • 1955: De moderne elektroniske regnemaskiners anvendelse i næringsliv og vitenskap. UiO, Sosialøkonomisk institutt. Memorandum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Viten.no – Vilhelm Bjerknes (Av Sigbjørn Grønås, Universitetet i Bergen – vitja 3. september 2011)
  2. UiB.no – Faghistorikk for Det geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen (Av professor emeritus Arne Foldvik, Universitetet i Bergen – vitja 3. september 2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]