Hama-massakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hama-massakren
Del av Det islamske opprøret i Syria

Dato 2. februar 1982–28. februar 1982
Stad Flagget til Syria Hama i Syria
Krigsårsak Det muslimske brorskapet kapra byen Hama
Resultat Det muslimske opprøret vart slått hard ned, avgjerande syrisk siger
Partar
Flagget til Syria Forsvarsavdelinga
Flagget til Syria Den syriske hæren
 • 3. panseravdeling
 • 10. panseravdeling
 • 14. spesialstyrkeavdeling
 • Militær etterretning
 • Luftforsvarsetterretninga
Det muslimske brorskapet i Syria
Kommandantar
Hafez al-Assad
Rifaat al-Assad
Hikmat al-Shihabi
Shafiq Fayadh
Ali Haydar
Ali Douba
Mohammed al-Khouli
`Adnan `Uqla
Styrkar
Forsvaret: 3 brigadar (12 000 soldatar)
Hæren: 4 brigadar (15 000 soldiers)
Totalt: Kring 30 000 soldatar
Færre enn 2000 væpna frivillige
Tap
Færre enn 500 i dei første kampane Alle opprørarane vart drepne, mellom 10 000 og 30 000 sivile mista livet

Hama-massakren (arabisk:مجزرة حماة‎) skjedde medan Hafez al-Assad regjerte i Syria. Den 2. februar 1982 bomba den syriske hæren byen Hama for å slå ned eit opprør frå Det muslimske brorskapet. Amnesty International har estimert at mellom 10 000 og 30 000 menneske vart drepne i åtaka.[1][2] Regjeringa i Syria har aldri gjeve noko offisiell utgreiing for kor mange som vart drepne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Syria hadde vore djupt involvert i den libanesiske borgarkrigen sidan 1976, og i Libanonkrigen i 1982 (sjå den israelske invasjonen av Libanon). Landet hadde ein spent situasjon i høve til Tyrkia, som mobiliserte sine styrkar til dei syriske grensene for å kjempe mot kurdiske separatistar. Tyrkia skulda Syria for å støtte og trene opp medlemmer av PKK-geriljaen innanfor tyrkiske grenser. Det muslimske brorskapet utnytta situasjonen og starta motstand mot Hafez al-Assads diktatur. Brorskapet tok i bruk geriljametodar i mange byar og gjekk til åtak på representantar for regimet, regjeringskontor og infrastruktur. Valden inkluderte mordet på 83 unge, militære kadettar på ein militærskule i Aleppo i juni 1979, og tre bilbombesprengingar i Damaskus mellom august og november 1980, som drap fleire hundre menneske. I juli 1980 blei medlemskap av Det muslimske brorskapet forbode og straffa med døden, med ratifiseringa av Lov nr. 49. Tidlig på 1980-talet utførte Det muslimske brorskapet ei rekkje bombeåtak mot regjeringa og representantane for regjeringa, inkludert eit nesten vellukka forsøk på å myrde president Hafez al-Assad, den 26. juni 1980. Det skjedde under eit offisielt statsbesøk frå presidenten av Mali. Presidenten redda seg unna skot frå ein maskinpistol, og han vart redda av ein livvakt som ofra seg ved å stoppe ei handgranat som vart kasta mot han. Hafez al-Assad overlevde med berre mindre skadar. Hemne hans var effektiv og nådelaus. Berre timar seinare vart mange hundre fengsla islamistar myrda i ein massakre som vart sett i verk av broren til presidenten, Rifaat al-Assad i Tadmor-fengslet.[treng kjelde]

Kravet om hemn steig i brorskapet og bombeåtaka auka i frekvens. Hendingane kulminerte med at dei islamittiske aktivistane proklamerte den sunni-dominerte byen Hama for «ein frigjort by» i februar 1982, og kalla på innbyggjarane i Syria til å gjere motstand mot regimet. Krigarar frå Det muslimske brorskap herja heimane til ba'thistane, og braut seg inn i heimane til seg til regjeringstilsette og støttespelarar av regimet og tok livet av kring 50 menneske.

Massakren[endre | endre wikiteksten]

Målet for angrepet på Hama var å få ein slutt på aktivitetane til Det muslimske brorskapet. Åtaket starta den 2. februar 1982 med intensiv bombing av byen med 350 000 innbyggjarar. Før åtaket vart sett i gang gav den syriske regjeringa ordre om at byen skulle overgje seg og åtvara mot at dei som vart igjen i byen ville bli rekna som opprørarar. Mange innbyggjarar flykta frå Hama medan stridsvogner og soldatar flytta seg inn mot utkanten av byen for å starte kringsetjinga. Åtaka vart leia av Rifaat al-Assad, bror til presidenten.

I sentrum av byen møtte militæret hard motstand, men etter tre veker med intens artillerield kunne styrkane ta seg igjennom barrikadane. Dei overlevande vart arresterte og utsette for tortur og masseavrettingar.

Ifølge Amnesty International bomba det syriske militæret dei gamle gatene i byen frå lufta for å gjere det enklare for dei militære gruppene og stridsvognene å ta seg inn i dei tronge gatene, der dessutan mange heimar var knust av stridsvogner i løpet av dei fire første dagane av kampane. Dei hevdar òg at det syriske militæret pumpa giftig gass inn i bygningar der opprørarar visstnok skulle ha halde seg.

Journalisten Robert Fisk, som var i Hama kort tid etter massakren estimerte dødstala til opp mot 10 000.[3] The New York Times opererte med tall opp til 20 000, medan The Syrian Human Rights Committee har estimert drapstala til ein stad mellom 30 000 og 40 000. Ifølge Thomas Friedmann[4], skal Rifaat al-Assad, bror til presidenten, ha skrytt av å ha drepe 38 000 menneske.

Etter massakren[endre | endre wikiteksten]

Hama er i dag ein fattig by. Før åtaka hadde byen nokre turistattraksjonar, men desse vart øydelagde under åtaka. Etter massakren flytta dei fleste innbyggjarane. Det meste av gamlebyen vart totalt øydelagd, inkludert palass, moskéar og eldgamle ruinar.

Dei fleste medlemmene av Det muslimske brorskapet i Syria flykta frå landet - hovudsakleg til Jordan, USA, England og Tyskland. Nokre har argumentert med at hendinga er ein av få militære operasjonar etter andre verdskrigen der eit opprør har blitt slått ned ved eit åtak av regulære, militære styrkar. Thomas Friedmann poengterer at den syriske regjeringa ikkje har blitt trua av muslimske ekstremistar etter Hama-massakeren[5] før den syriske borgarkrigen kom i gang i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hama Rules The New York Times
  2. The Massacres of Hama: Law Enforcement Requires Accountability Arkivert 2007-12-06 ved Wayback Machine. Syrian Human Rights Committee, February 1, 2005
  3. Pity the Nation av Robert Fisk, side 186
  4. From Beirut to Jerusalem av Thomas Friedmann, side 76-105
  5. After smart weapons, smart soldiers. The Economist. 25. oktober 2007.
  • Denne artikkelen bygger på «Massakren i Hama» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2022.
  • Fisk, Robert (1990). Pity the Nation. London: Touchstone. ISBN 0-671-74770-3
  • Friedmann, Thomas (1998). From Beirut to Jerusalem. London: HarperCollins Publishers. ISBN 0-00-653070-2
  • Kathrin Nina Wiedl: The Hama Massacre – Reasons, Supporters of the Rebellion, Consequences, Munich 2007, ISBN 978-3638710343.
  • Is Syria really changing?, London: 'Syria’s Islamist movement has recently shown signs of coming back to life, nearly 20 years after 30,000 people were brutally massacred in Hama in 1982' The Economist, 16. november 2000
  • Summary of the January 10, 2002, Roundtable on Militant Islamic Fundamentalism in the Twenty-First Century, vol 24, nr 3, 2002: side 187 – 205
  • Human Rights at the United Nations 1955-85: The Question of Bias, International Studies Quarterly, vol 32, nr 3, 1988: side 275 – 303