Hama
| Hama | ||
|---|---|---|
| Hama | ||
| Styresmakter | ||
| Land | Syria | |
| Geografi | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Plassering | ||
|
|
||
Hama er ein by i Syria, på båe sidone til elvi Nahr al-Asi og 120 kilometer sørsørvest for Aleppo. Han hadde i 2003 eit innbyggjartal på 427 400. Byen er eit handels- og administrasjonssenter, og her finst kornmylnor, spinneri, veveri, garveri og meir. Byen er vidgjeten for frodige frukt- og grønsakshagar som vert vatna av store vasshjul frå 1200-talet. Byen har mange moskéar, mellom anna Nuri-moskéen frå 1172.
Hamath frå Bibelen hadde stordomstidi si medan hettittane styrde mellom 900-700 fvt., og vart øydelagd av assyrarane 720 fvt. Byen vart bygt opp att av selevkidane og fekk namnet Epifaneia, namnsett etter Antiokhos IV Epifanes.
I 1982 var byen sentrum for ein politisk og religiøs oppreist som vart knust av styresmaktene, kring 25 000 menneske vart drepne og ein stor del av den gamle bykjernen øydelagt.
[endre] Kjeldor
- Store norske leksikon, snl.no, «Hama» av redaksjonen