Hamar–Grundsetbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hamar-Grundsetbanen)
Hamar-Grundsetbanen. Sidesporet Ådalsbruk-Klevfoss er ikkje teikna inn på kartet.
Foto: Norges Geografiske Opmaaling (1902)
Elverums første stasjonsbygning, ca. 1870. Heile stasjonen vart flytta og endra i 1910-13 då Solørbanen vart forlenga til Elverum, og ei ny stasjonsbygning stod oppført.

Hamar–Grundsetbanen vart vedtatt av Stortinget den 3. september 1857 saman med Kongsvingerbanen og Trondhjem–Størenbanen som Noregs første statsbanar. Vedtaket i 1857 gjaldt rettnok berre strekninga Hamar-Elverum og med endestasjon på Glommas austre breidd i Elverum. Den 7. oktober 1859 vedtok Stortinget at banen istaden skulle halde fram langs vestre breidd av Glomma opp til Grundset, ca. 6 km nord for Elverum. Banen vart bygd smalspora (1067 mm sporvidde) og vart opna 23. juni 1862.[1]

Grundsetbanen er den sørlegaste delen av Rørosbanen. Alt i 1871 vart Grundset-Aamotbanen bygd. Stasjonsbygningen på Grundset vart samstundes flytta til den nye endestasjonen på Rena.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thor Bjerke & Finn Holom: Banedata 2004 – Data om infrastrukturen til jernbanene i Norge. s. 98
  2. Thor Bjerke & Finn Holom: Banedata 2004. Data om infrastrukturen til jernbanene i Norge. s. 103

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. ISBN 82-90286-28-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]