Hamburger SV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamburger SV

Fullt namnHamburger Sport-Verein e.V.
KallenamnDie Rothosen (Dei raude kortbuksane)
Der Dino (Dinosaurane)
Kort namnHSV
GrunnlagdMal:Startdato (som SC Germania)
Mal:Startdato (som Hamburger SV)
HeimebaneVolksparkstadion
(kapasitet: 57,000)
StyreleiarBernd Hoffmann
HovudtrenarDieter Hecking
Liga2. Bundesliga
2021/223. plass i 2. Bundesliga
(kv. spiel)
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Noverande sesong

Hamburger Sport-Verein, vanlegvis omtala som Hamburger SV, Hamburg eller HSV, er eit idrettslag (sportsforeining) i Hamburg i Tyskland, stifta 29. september 1887. Sportsforeininga, som har over 71 000 medlemer, omfattar ei rad idrettsgreiner. Fotballavdelinga utgjer den største idrettsgreina i Hamburger SV. Fotballlaget til HSV har spelt på øvste nivå i tysk fotball sidan slutten av 1. verdskrigen. Klubben har aldri rykt ned og er den einaste som alltid har delteke i Bundesliga sidan serien vart skipa i 1963.

HSV hadde si stordomstid som fotballag i eit tiår frå midt på 1970-talet. I 1976 vann klubben DFB-pokalen som vest-tyske cupmeistrar, og vann året etter Cupvinnarcupen. Hamburger SV sikra seg sin fyrste Bundesliga-tittel i 1979, sesongen etter kom klubben to poeng bakom serievinnar Bayern München. Både i 1982 og 1983 vann HSV Bundesligaen, med midtbanespelaren Felix Magath som ei sentral drivkraft. I 1983 nådde klubben heilt til topps i Europacupen, etter siger 1-0 over Juventus i finalen.

Hamburger SV noterte seg for sine fyrste meistertitlar i 1923 og 1928. Den neste seriemeistertittelen kunne klubben bokføre då det var 3-2 siger over FC Köln i sluttspelfinalen i 1960. HSV vart cupmeistrar fyrste gongen i 1963, og for tredje og hittil siste gong i 1987.

Hamburg spelar heimekampane på Imtech Arena. Laget spelar i kvite trøyer og raude bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]