Hamm

Koordinatar: 51°40′57″N 7°49′13″E / 51.68250°N 7.82028°E / 51.68250; 7.82028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamm
Pauluskirche i Hamm
Pauluskirche i Hamm
Pauluskirche i Hamm
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hamm
Hamm is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Kreisfri by
Grunnlagd 1226
Geografi
Flatevidd
 - By

226,26 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

183 672
  812/km²
Koordinatar 51°40′57″N 7°49′13″E / 51.68250°N 7.82028°E / 51.68250; 7.82028
Høgd over havet 38-102 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 59000-59077
Telefon-retningsnummer 02381, 02382, 02383, 02384, 02385, 02388, 02389, 02307
Bilnummer HAM
Heimeside: www.hamm.de

Hamm er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 185 000 innbyggjarar. Byen ligg nordaust i Ruhr-området ved elva Lippe mellom autobahnane A1 og A2. Jernbanestasjonen er eit viktig knutepunkt og kjend for den spesielle stasjonsbygningen.

Jernbanestasjonen i Hamm (Hauptbahnhof Hamm/Bahnhofshalle )

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Hamm» tyder ‘hjørne’ i ein gamal plattysk dialekt som vart snakka her i tidlegare tider. Før vart byen òg kalla thom Hamme, som etter kvart endra seg til den moderne forma «Hamm». Han fekk dette namnet fordi han låg ved eit hjørne ved elva Lippe og den smale sideelva Ahse.

Byen vart grunnlagd på oskeonsdag i mars 1226 av Grev Adolf I av Mark.

Gründungsprivileg, byrettane til Hamm

I 1350 tok Svartedauden livet av nesten heile byen. Berre sju familiar overlevde. Hamm vart medlem av Hansaen i 1469 og ein av dei mektigaste byane i området, medan dagens storbyar i Ruhr framleis berre var små landsbyar. Under trettiårskrigen vart Hamm fleire gongar erobra av forskjellige styrkar. Nesten alle bygningane vart øydelagd, bortsett frå kyrkjene St. Georg (i dag Pauluskirche) og St. Agnes.

I 1847 stoppa det første toget på stasjonen i Hamm, og i 1914 stod Datteln-Hamm-kanalen ferdig og det første skipet kom til hamna i byen.

55 bombetokt frå dei allierte under den andre verdskrigen øydela om lag 80 % av gamlebyen og berre eit par historiske bygningar stod att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hamm